Forretningsutviklar/seniorrådgjevar
Sogn Næring
- Frist 28.1.2021
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape vekst og utvikling i Sogn?
Sogn Næring er Sogndal kommune og næringslivet sitt apparat for næringsutvikling og skal bidra til auka tal på arbeidsplassar i regionen. Selskapet skal leggje til rette for dei som ynskjer å starte eiga bedrift eller utvikle eksisterande verksemd og bygge Sogn som ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. I tett samarbeid med kommunane, næringslivet og andre verkemiddelaktørar i Sogn, arbeider me for å bygge sterke nærings- og kompetansemiljø på tvers av bransjar og kommunegrenser. Vi opererer også SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage, eit program som skal gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst.
Verdiane våre er initiativ, handlekraft og samspel. Sogn Næring sitt arbeid skal vere kjenneteikna av at me tek initiativ ved å inspirere og legge til rette for utvikling, nye løysingar, samarbeid og ny kunnskap. Vi skal vere handlekraftige ved å vere lett tilgjengelege og kunne mobilisere raskt når det trengs. Gode resultat blir til gjennom samarbeid med våre mange samarbeidspartnarar, og samspel er difor ein viktig verdi for selskapet.
Vi har no ledig fast stilling for engasjert forretningsutviklar/seniorrådgjevar som brenn for idéskaping og utvikling av nytt og eksisterande næringsliv.
Kontorstad er Campus Sogndal, Sogndal kommune, med heile Sogn som arbeidsplass.
Arbeidsoppgåver
- Legge til rette for utvikling i eksisterande næringsliv
- Rådgjeving og oppfølging av gründerar
- Evaluering av forretningsidear, utvikling av forretningsmodellar og strategiar
- Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar
- Leiing av utviklingsprosjekt
- Administrasjon og utvikling av interne verktøy og arbeidsmetodar innan forretningsutvikling
Ynskja kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, høvesvis på mastergradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning.
- God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd
- Prosjektleiarerfaring eller god kjennskap til prosjektarbeid
- Kjennskap til verkemiddelapparatet og finansielle støtteordningar
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Vi ynskjer ein person som er
- engasjert, initiativrik og sjølvstendig.
- har evne til å motivere til utviklingsarbeid.
- er løysingsorientert og kan vise til oppnådde resultat.
- er god på nettverksbygging og samhandling.
Vi tilbyr
- ein spanande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen.
- gode utviklingsmogelegheiter.
- gode løns- og pensjonsvilkår.
- fleksibel arbeidstid.
Hugs å legge ved både CV og søknad
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fosshaugane Campus, Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Bransje: Annet, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse
Nøkkelord
Forretningsutvikling., næringsutvikling, utviklingsprosesser, strategiutvikling, markedskompetanse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 201899987
- Sist endret