Koordinator
FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV (FNF)
- Frist 29.8.2021
- Ansettelsesform Fast
Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane søkjer koordinator
Vil du koordinere arbeidet med å fremje natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane?
Forum for natur og friluftsliv (FNF) har ledig fast 100% stilling.
FNF er eit samarbeidsforum for natur- og friluftslivsorganisasjonar på fylkesnivå. Føremålet er å styrkje arbeidet med natur- og friluftslivsfaglege saker hjå dei tilslutta organisasjonane.
Koordinatoren vert tilsett av FNF nasjonalt og rapporterer til styret i FNF Sogn og Fjordane som gjev føringar og faglege prioriteringar for arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Støtte FNF sine tilslutta natur- og friluftslivsorganisasjonar i arbeidet med å ta vare på natur- og friluftslivsinteressene i aktuelle saker i Sogn og Fjordane
- Påverke i plan- og saksprosessar. Ein vesentleg del av arbeidet er å skrive og hjelpe dei tilslutta organisasjonane med høyringsfråsegn og å påverke planprosessar på vegne av organisasjonane
- Koordinere utspel i dei aktuelle sakene
- Sette naturverdiar og friluftsliv på sakskartet i samfunnet
- Ha god kontakt med myndigheitene og byggje gode nettverk mellom organisasjonane, med politikarar og andre relevante aktørar
- Byggje kompetanse i organisasjonane
- Administrativt ansvar for FNF i fylket, vere sekretær for styret og årsmøtet
Ønska kvalifikasjonar
- Natur- og friluftslivsfagleg utdanning frå høgskule/universitet eller anna relevant høgare utdanning, som juridisk eller samfunnsvitskapeleg. Spesialisering innan naturforvalting eller plan er særleg relevant.
- Erfaring innan arealplanlegging, naturforvalting, biologi, friluftsliv, frivillige organisasjonar eller myndigheitskontakt er ein fordel.
- Interesse for natur og friluftsliv, biologi, økologi eller naturmangfald.
- Kjennskap til organisasjonane og fylket.
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling.
Personlege ferdigheiter og eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner og kunne vere løysingsorientert og samlande.
- Kunne skape tillit hjå organisasjonane i forumet, hjå myndigheiter og andre aktørar.
- Kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar, være strukturert og syne initiativ.
- Entusiastisk og engasjert.
Vi kan tilby
- Særleg uavhengig stilling med stor fleksibilitet
- Gode forsikringar og sosiale ordningar
- Løn etter avtale
- Eit spennande og meiningsfullt oppdrag
- Ein utviklande og variert jobb kor ein lærar mykje
- Gode kollegaer over heile landet
Stillinga er no er lokalisert i kontorfelleskap på Leikanger. Vi er fleksible og opne for andre lokaliseringar innanfor gamle Sogn og Fjordane fylke, tilpassa behova til koordinatoren og organisasjonane. Koordinatoren inngår i et fellesskap av koordinatorar landet over.
Last opp CV og søknadsbrev i .pdf eller liknande format.
Om arbeidsgiveren
FNF er stifta av Norsk Friluftsliv, Den norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Naturvernforbundet og Friluftsrådenes Landsforbund. Eit stort antall natur- og friluftslivsorganisasjonar er tilslutta FNF i kvart fylke. FNF er nyleg sertifisert som ein god arbeidsplass av «Great Place to Work».
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Konsulent og rådgivning, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Biolog, Koordinering, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 227148663
- Sist endret