Prosjekt- og leveransekoordinator
Enivest AS
- Frist 19.9.2021
- Ansettelsesform Fast
Enivest søkjer Prosjekt- og leveransekoordinator
Enivest riggar seg for vidare vekst, og vi ønskjer å få med deg på laget.
Som prosjekt- og leveransekoordinator får du ta aktivt eigarskap til sjølve livsløpet i tenesteytinga vår. Den rette kandidaten for stillinga vil få bryne seg på varierte arbeidsoppgåver frå tidleg prosjektfase - til drift og avviklingsfase, leveranseprosess og muligheit for deltaking i interne forbetringsprosjekt.
Kven er vi?
Avdeling Leveranse ei avdeling i Enivest med lang erfaring innan utbygging og leveranse av fiberteknologi til privat- og bedriftsmarknad. Vi prosjekterer og bygger ut nye fiberfelt, samt driv fortetting/utviding av allereie eksisterande og utbygde områder. Vi bygger ut både kommersielt og i NKOM områder. Vi handterar og følger opp bestillingar som kjem inn til oss, og vi har aktiv kundeoppfølging frå kontrakt er inngått til kunden er ferdig levert.
Kva vi ønsker:
Vi er på jakt etter deg som er engasjert, initiativrik, og som har lyst å utvikle deg vidare i ein spennande bransje. Du er fagleg dyktig, resultatorientert og flink til å samarbeide med andre. Du forstår viktigheita av å halde kunden i fokus - som vår førsteprioritet!
Stillinga er fast og inngår i Avdeling Leveranse med totalt 14 tilsette.
Ein spennande og variert arbeidskvardag ventar deg!
- Som Prosjekt- og leveransekoordinator kan vi by på følgande arbeidsoppåver:
- Samhandling med kundar, entreprenørar og andre avdelingar i Enivest
- Kostnadskontroll - ressursstyring og fakturahandtering
- Ta del i det daglige arbeidet innan prosjektarbeid/-oppfølging og oppgåver knytt til leveranse
- Koordinere og handtere ordrer frå kundar
- Dagleg sakshandtering frå kundar og entreprenørar gjeldande levering og utbygging
- Vidareutvikle eksisterande og nye avtaler mot samarbeidspartnarar
Vi håpar at du som søker:
- Er kreativ, lærevillig og har evna til å sjå gode løysingar
- Har evna til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt planlegge/koordinere fleire aktivitetar samtidig
- Har erfaring frå- og interesse for IT-verktøy og bruk av digitale samhandlingsløysingar
- Hentar motivasjon og energi frå teamet, framfor eigen suksess
- Er nysgjerrig på nye løysingar og synsvinklar
- Beherskar norsk godt både munnleg og skriftleg
- Har førarkort klasse B
Kva bakgrunn og erfaring kan vere ein styrke?
- Bransjeerfaring/bransjeforståing
- Erfaring frå dokumenteringsprosess ved leveranse- og utbyggingsoppdrag
- God systemforståing og IT-kunnskap
Kvifor skal du velje oss?
- Du blir ein del av eit kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø
- Du får gode muligheiter til å utvikle deg både fagleg og personleg
- Du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø og eit team som hjelper kvarandre
- Du får spennande og hektiske kvardagar
- Vi er eit selskap i vekst og utvikling, med rom for at du kan ha innverknad på vegen vidare
- Vi har konkurransedyktige vilkår
- Vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om dette høyrast interessant ut vil vi råde deg til å søkje.
informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.
Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564, eller E-post: daniel.dvergsdal@randstad.no.
Om arbeidsgiveren
Enivest står i dag som ein betydeleg og framtidsretta aktør med levering av breiband via fiber som hovudprodukt.
Årleg knyt vi ca. 2500 nye privatkundar til Enivest sitt fibernett. Målet vårt er at så mange som mogleg av bebuarane og bedriftene i Sogn og Fjordane området skal bli med inn i den digitale framtida.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Firdavegen 5, 6800 Førde
- Bransje: Bygg og anlegg, IT, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Kontorarbeid, Prosjektledelse, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Nøkkelord
Kundeservice, Nettverksutbygging, Leveranseansvarlig, Prosjektleder, Saks- og ordrebehandling
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 229672141
- Sist endret