Fagtilsett RVTS Vest - Sjølvmord og traumer
Helse Bergen
- Frist 15.10.2021
Fagtilsett RVTS Vest - Sjølvmord og traume
Vi søkjer ein erfaren fagperson med kjennskap til sjølvmordsførebyggande arbeid, arbeid med etterlatte og kriser og beredskap.
RVTS Vest dekkjer fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre områder; "Barn og unge", "Vaksne" og "Kommunikasjon og implementering". Senteret skal samordne og styrke kompetansen og kvaliteten i tenesteapparatet på tema traumer og kriser , sjølvmord, vald og flyktningehelse. Senteret jobber med konsultasjon, undervisning og nettverksbygging. Senteret samarbeider med sentrale styresmakter og nasjonale fagmiljø på tema.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga skal styrkje senteret sitt arbeid med sjølvmordsførebyggande arbeid. Dei tilsette i senteret må kunne leie kompetanseprogram og bidra med undervisning og rettleiing
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum mastergradsnivå
- Utdanning eller spesialisering om sjølvmordsførebygging, sjølvskading og traume
- Erfaring frå arbeid med vaksne og familiar
- Rettleiings- og undervisningskompetanse
- Erfaring med digitalisering er ønskjeleg
- Erfaring frå prosjektarbeid er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Omstillingsvilje
- Ansvarsfølelse for eigne og senteret sine prosjekt
Vi tilbyr
- Tilhøyre i eit anerkjend fagmiljø
- Kultur for fagleg og personleg utvikling
- Stor fridom til å utforme innan eigne ansvarsområde
- Lønn og arbeidsvilkår etter Helse Bergen sitt avtaleverk
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sted: Ulriksdal 2, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Kurs og opplæring, Prosjektledelse
Nøkkelord
Fagansatt,, fagtilsett, RVTS, Vest, -
Annonseinformasjon
- FINN-kode 232669032
- Sist endret