Pedagog i barnehage- Fast stilling og vikariat - Med rekrutteringstiltak!
Vang Kommune
- Frist 26.12.2021
Pedagog i barnehage - Fast stilling og vikariat - med rekrutteringstiltak!
Vang kommune har to ledige pedagogstillingar i Fredheim barnehage:
- Pedagog: 100 % fast stilling, pt vil pedagog/spes.pedagog i hovudsak ha ansvar for enkeltbarn. Ynskjeleg med spesialpedagogisk utdanning og (eller) erfaring. Oppstartsdato etter avtale.
- Pedagogisk leiar: 100 % vikariat frå ca april 2022 til august 2023.
Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer derfor etter fagleg sterke og engasjerte pedagogar som brenn for barna si læring og trivsel!
Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt fjerde år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?
Rekrutteringstiltak: Flyttegodtgjering og redusert husleige!
For fast stilling tilbyr kommunen flyttegodtgjering (kompensasjon av faktiske flytteutgifter inntil gitt sum) og redusert husleige det første året (enten ved kommunal bustad eller bidrag til husleige i ved privat leige etter prisanslag). Bindingstid vil tilkome.
For vikariatet kan kommunen tilby redusert husleige i tilsetjingsperioda (enten ved kommunal bustad eller bidrag til husleige ved privat leige etter prisanslag).
Fredheim barnehage
Fredheim barnehage er sentrumsbarnehagen med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 25 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 18 barn i alderen 1-3 år.
I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. Fredheim barnehage har faste utedagar i veka, og turdagane går til naturskjønne områder i nærleiken av barnehagen. Søvelbua er turmål nr. 1 største delen av året. Elles er det turar for dei største barna både til Fugleberg, langs Kongevegen og til Krøsshaug.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i leik og aktivitetar
- Ansvar for planlegging av pedagogisk opplegg
- Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
- Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Gjerne med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som
- er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
- er opptatt av å skape gode relasjonar til barna, foreldre og kollegaer
- er strukturert og endringsvillig
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen kan hjelpe til med bustad
- Vang kommune nyttar nynorsk som målform
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Om arbeidsgiveren
Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Antall stillinger: 2
- Sted: Tyinvegen 5124, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder
Nøkkelord
pedagog, barnehage, spesialpedagog, spesped
Annonseinformasjon
- FINN-kode 241043890
- Sist endret