Dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje og besøkssenter
Fortidsminneforeningen
- Frist 14.1.2022
- Ansettelsesform Fast
Dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje og besøkssenter
Fortidsminneforeininga søkjer etter dagleg leiar for Borgund stavkyrkje og besøkssenter i 100 % stilling. Dagleg leiar vil vere tilsett i Fortidsminneforeininga sentralt i museums- og eigedomsavdelinga, bidra i utviklingsarbeid og prosjekter, og skal ha eit tett samarbeid med organisasjonen elles. Fortidsminneforeininga sin vedtekne museumsstrategi og berekraftstrategi legg føringar for arbeid og utvikling ved eigedomane. I tråd med desse skal det utviklast ei berekraftig, kvalitetsprega museumsdrift, som både forvaltar og formidlar kulturarven til den lokale, nasjonale og internasjonale marknaden.
Oppgåver
- Jobbe med utvikling av innhald, formidling og funksjonar ved stavkyrkja og besøkssenteret
- Utvikle formidlings- og aktivitetsplanar som sikrar berekraftig besøksutvikling
- Utvikle produkt og opplevingar i samarbeid med lokale reiselivsverksemder og aktørar
- Jobbe aktivt med kulturturisme med basis i prinsipp for berekraftig reiseliv og innsikt i turistutviklinga i Noreg, men innan kulturminnet sine tolegrenser
- Kontakt med turistnæringa og reiselivsaktørar om marknadsføring av Fortidsminneforeininga sine eigedomar
- Administrasjon av besøk og anna bruk av stavkyrkja
- Drift av museumsbutikk og kafé
- Arbeide for at verksemda når dei økonomiske mål som er sett i driftsbudsjettet
- Budsjett og økonomisk oppfølging
- Rapportering av besøksstatistikk
- Personalansvar for omvisarar og anna personale knytt til besøksdrifta, inkludert tilsetjingar, opplæring og oppfølging
- Ansvar for HMS og Miljøfyrtårn-arbeidet
Arbeidsstad Lærdal
Kvalifikasjonar
Søkjarar bør ha høgare utdanning innafor relevant fagområde, t.d. reiseliv, kunsthistorie, historie og kulturformidling. Røynsle frå leiing, utviklings- og prosjektarbeid og bruk av sosiale media er ein føremon. Søkjarar må kunne formulere seg godt, både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk og gjerne meistre eit framandspråk til. For å lukkast i stillinga må ein ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og vere utviklingsorientert, kontaktskapande og strukturert med evne til å arbeide sjølvstendig og i grupper. Jobben kan til tider vere hektisk, og du må vere budd på noko kvelds- og helgearbeid. Søkjaren må ha førarkort.
Fortidsminneforeininga tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar. Forsikrings- og pensjonsordning. Fleksibel arbeidstid.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: 6888 Borgund
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
kulturarv, museum, reiseliv, turisme, leiarerfaring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 241976528
- Sist endret