
Nettverksutviklar (DevNet)
Enivest AS
- Frist 23.1.2022
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye nettverksutviklar?
Enivest riggar seg for vidare vekst, og vi ønsker deg med på laget!
I samband med auka oppdragsmengde er vi no på jakt etter ein dyktige medarbeidar til avdelingane våre i Førde, Sandane eller Sogndal.
Stillinga er fast, og inngår i teamet «Nett og samhandling» som består av 8 personar. Teamet er ein del av avdelinga "Teknologi" saman med teamet «IT og sikkerheit».
Ønsker du å vere med å drifte og utvikle regionen sitt største ISP-Nettverk? Som nettverksutviklar i Enivest skal du vere med på å automatisere prosessar, implementere nye løysingar, overvake, drifte og vedlikehalde nettverket vårt.
Foruten å vere ein ressursperson på nettverk, skal du jobbe med å forbetre arbeidsprosessar. Dette for å sjå korleis vi ved hjelp av integrasjonar med system og automatisering kan auke kvaliteten og redusere tida operasjonar tar, slik at kundane våre får ei endå betre kundeoppleving og får tenester levert raskare. Ei anna oppgåve kan vere å sjå korleis vi kan unytte API i system på ein betre eller ny måte. Dette krev at du forstår både nettverk og utvikling.
Arbeidsoppgåver:
- Du vil jobbe med ISP-nettverk og utnytte dei forskjellige API som nettverket har.
- Jobbe med Netconf, Python, script og CLI.
- Jobbe ned nettverk, utføre dagleg drift med dine «utviklarbriller».
- Nyttiggjere og utvikle API.
- Vere med på å automatisere mykje av det som i dag er manuelle prosessar ved å opprette, endre og slette konfigurasjon.
- Sentralt bindeledd mellom utviklarar og nettverksteknikarar.
- Deltaking i Enivest si vaktordning for beredskap og nettovervaking.
Du har kompetanse/kvalifikasjonar innan eit eller fleire av desse områda:
- Høgare teknisk utdanning (ing./siv.ing). Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Du kan både nettverk og utvikling.
- Kunnskap om Cisco IOS, IOS XR, DevNet.
- Du kan Python, eller anna relevant språk.
- Interesse for å utvikle deg innan nye teknologiar.
- Beherske norsk og engelsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B (reiseverksemd må påreknast).
Kva kan vi tilby deg?
Enivest skal vere den føretrekte regionale leverandøren av breibandstenester til både bedrifts- og privatmarknad. Vårt virke utspelar seg i ein spennande marknad prega av nasjonale aktørar, og vi er avhengig av å vere i forkant av utviklinga. Du må difor trivast i eit miljø der beslutningsvegen er kort og gjennomføringskrafta er stor. Vi kan tilby deg eit arbeidsmiljø der ein legg til rette for nye idear og impulsar, og som heiar fram det nytenkande og kreative. Vi delar engasjementet ditt om løysingar som skal vidareutvikle Enivest til det betre - både for kundar og kollegaer. Pandeminen har lært alle at det går fint å jobbe vekke frå kontoret i periodar, men har også vist oss verdien av det sosiale ved å møte kollegaer fysisk og snakke i lag over ein kaffikopp, eller løyse verdsproblem i lunsjen.
I tillegg får du:
- Gode moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og personleg
- Spennande og hektiske arbeidskvardagar
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om arbeidsgiveren
Enivest står i dag som ein betydeleg og framtidsretta tenesteleverandør med levering av breiband via fiber, samt TV- og strøymetenester frå Telia som hovudprodukt. Årleg knyt vi omlag 2500 nye privatkundar til Enivest sitt fibernett.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Firdavegen 5, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Elektronikk, IT, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Ingeniør, Teknisk personell
Nøkkelord
Ingeniørfag, Nettverksutbygging, Entreprenør, IT, forretningsutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 242437938
- Sist endret