
Salsrådgjevar
Enivest AS
- Frist 30.1.2022
Er du ein dyktig relasjonsbyggjar med lidenskap for gode kundeopplevingar?
Enivest har passert godt over 20 000 kundar. I tråd med vår nye visjon sterkare band, ønskjer vi no å knytte sterkare band til kundane våre med ei ny satsing. Vi har herved gleden av å presentere ei ny avdeling i Enivest, Sal og Oppfølging.
I avdeling Sal og Oppfølging satsar vi på proaktivt arbeid ut mot nye og eksisterande kundar. Vi skal fokusere på aktiv kundeoppfølging og reisevirksomheit ut på besøk til kundane våre.
Er du ein seljar? Innehar du konkurranseinstinkt, er sjølvgåade, og ikkje minst; Har du ein skikkelig vinnarskalle? Då oppfordrar vi deg til å søkje og delta i denne spennande nysatsinga!
Vi søkjer deg som er lidenskapeleg opptatt av sal- og kundebehandling, har eit stort konkurranseinnstinkt og som har eit ønskje om å vidareutvikle deg i ein spennande bransje.
Du vil i stor grad få ein variert arbeidskvardag, og du vil ha muligheit til å både jobbe sjølvstendig, såvel som saman med verdas beste kollegaer i team.
I periodar vil du ha heile Sogn og Fjordane som arbeidsplass!
Saman med kundesenteret skal vi skape gode kunde opplevingar, enten via telefon eller på besøk ute hos kunde. Vi skal vere der det skjer, på festivalar, arrangement og på stand. Det blir konkurransar på meirsal og nysal.
Kvifor skal du velje oss?
- Vi er eit lokalt selskap i vekst, med ei utvikling som du kan vere med å påverke
- Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg team
- Du får gode moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og personleg
- Du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø og eit team som hjelper kvarandre
- Du får spennande og hektiske arbeidskvardagar
- Vi har konkurransedyktige vilkår
- Vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om dette høyrast interessant ut vil vi råde deg til å søkje. Informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.
Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Regine Gausemel tlf: 95440058, eller på epost: regine.gausemel@randstad.no
Om arbeidsgiveren
Enivest står i dag som ein betydeleg og framtidsretta aktør med levering av breiband via fiber som hovudprodukt.
Årleg knyt vi ca. 2500 nye privatkundar til Enivest sitt fibernett. Målet vårt er at så mange som mogleg av bebuarane og bedriftene i Sogn og Fjordane området skal bli med inn i den digitale framtida.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Antall stillinger: 2
- Sted: Firdavegen 5, 6800 Førde
- Bransje: IT, Konsulent og rådgivning, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Løsningssalg, Rådgivning, Teknisk salg
Nøkkelord
Selger- og salgsledelse, Teknisk salg, Kunde- og salgserfaring, Rådgiver, Salg & Kundebehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 242615938
- Sist endret