Autorisert rekneskapsførar
Økonomiservice AS
- Frist 15.10.2022
- Ansettelsesform Fast
Økonomiservice AS søkjer autorisert rekneskapsførar
Me søkjer etter autorisert rekneskapsførar ved vårt kontor på Leikanger. Me søkjer etter deg som har bakgrunn frå rekneskap, økonomi eller liknande. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.
Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.
ME KAN TILBY:
- Stor grad av fleksibilitet
- Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
- Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:
- Autorisert rekneskapsførar
- Ynskjeleg med kunnskap om landbruksrekneskap, men ikkje noko krav
- Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar
- Endringsvillig, løysingsorientert, framtidsretta og evne og vilje til å ta ansvar
- Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen
- Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
- Gode IT-kunnskapar og systemforståing
UTVALDE AKTUELLE ARBEIDSOPPGÅVER:
- Oppdragsansvar for eiga kundeportefølje
- Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane og kompetansebygging internt
- Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
- Arbeid med både manuelle og elektroniske rekneskap
- Rekneskapsføring, rapportering og årsoppgjer
Om arbeidsgiveren
• Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora
• I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda (https://vekstra.no/)
SAMAN SKAPAR ME VERDI - gjennom å vere Tett På - Løysingsorienterte - Framtidsretta
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
autorisertregnskapsfører, økonomi/finans, økonomisk rådgiver, landbruk, regnskap
Vi skapar vekst for våre kundar (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 273886114
- Sist endret