Banksjef
Hjelmeland Sparebank
- Frist 24.10.2022
Er du klar for å leie ein spanande lokalbank som vil bidra til vekst og trivsel?
Vi i Hjelmeland Sparebank trur på lokalsamfunnet og ynskjer å vere ei kjelde til vekst og trivsel i Ryfylke. Målet vårt er å vera eit naturlig val for verksemder og privatpersonar i regionen og ein av våre styrker er lokalkjennskapen vår. Vi er tett på kvar enkelt kunde som støttespelar i små og store økonomiske val gjennom heile livet. Ved å vera engasjert og motivert vil vi med kompetanse sjå etter den beste løysinga for å hjelpe kundane våre med å realisere planar og mål.
Vi ser etter ein leiar som kan møte framtidas spanande utfordringar med visdom og handlekraft. Dette er din sjanse til å leie, støtte og utvikle eit lag av gode medarbeidarar. Det er også viktig for oss at du klarar å skape resultat gjennom forretningsutvikling, samstundes som du bidreg til å modernisere og ruste banken til å vere ein viktig bidragsytar til verdiskaping i regionen.
Vert du inspirert av å jobbe med utvikling, endring og leiing? Trivest du med å skape resultat og eit godt arbeidsmiljø saman med andre? Då er du kanskje rett person til å styre Hjelmeland Sparebank framover.
DINE OPPGÅVER OG ANSVARSOMRÅDE:
- Byggje og utvikle relasjonar til både nye og eksisterande kundar.
- Inspirere medarbeidarar og byggje eit godt team.
- Klok og framtidssynt forretningsutvikling.
- Leie endringsprosessar for å modernisere banken.
- Ekstern representasjon og sikre at banken er synleg lokalt.
DIN KOMPETANSE OG EIGENSKAPAR:
Vi søkjer ein erfaren og fagleg sterk person med leiarerfaring frå finans eller økonomi. Vi ynskjer at du har erfaring med personal- og budsjettansvar, samt endrings- og utviklingsprosessar.
Stillinga krev fortrinnsvis universitets- eller høgskuleutdanning innan eit eller fleire av verksemda sine ansvarsområde, men søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring kan også vurderast.
Det er viktig at du har god forståing for kva det vil seia å styre og representere ein lokalbank.
For å lukkast i rolla trur vi det er viktig at du har gode relasjons- og kommunikasjonsevner. Du må evne å sjå heile bilete, stille saman informasjon og kommunisere presist og forståeleg, både munnleg og skriftleg.
Nysgjerrig?
Vi tek gjerne ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga? Kontakt våre rådgjevarar i Human, Arne Dalehaug, tlf 957 86 454, eller Sondre Kråkenes Høysæter, tlf 957 93 784 for spørsmål.
Søknadsfrist; 24. oktober 2022
Arbeidssted: Hjelmeland / Strand
Vi gjer merksemd på at det kan krevjast ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40 og stadfesting frå Brønnøysundregisteret om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Dette vil gjelde for stillinger etter finansforetaksloven § 16-22 første ledd b) og §16-22 andre ledd.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sted: Prestagarden 3, 4130 Hjelmeland
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
Bank finans, Bank Management, Bankadministrasjon, Ledelse, Finance
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 274541820
- Sist endret