Senior Rådgivar- Forretningsutvikling
Kunnskapsparken Vestland AS
- Frist 31.10.2022
- Ansettelsesform Fast
Har du interesse for prosjektleiing, innovasjon og entreprenørskap? Bli med oss på laget!
Kunnskapsparken Vestland søker ein lagspelar og nettverksbyggar med interesse og forståing for innovative og kommersielle prosessar. Oppdraget vårt? Å jobbe fram livskraftige og lønsame bedrifter i vår region.
Har du interesse for prosjektleiing, innovasjon og entreprenørskap? Bli med oss på laget for å hjelpe fram nyskapande vekstbedrifter!
Arbeidsoppgåver
Som tilsett hjå oss vil du inngå i eit sterkt team og få ei allsidig rolle med gode utviklingsmoglegheiter. Du vil i stor grad kunne påverke din eigen arbeidskvardag, og du vil få stor tillit og fridom i ditt arbeid.
Saman med kollegaer vil du blant anna;
- Bidra til å identifisere og evaluere nye forretningsidear i vår region
- Rådgjeving og oppfølging av innovative oppstartsbedrifter
- Delta i utvikling og kommersialisering av nye idear og forskingsresultat
- Initiere, utvikle og leie nye lønsame utviklings- og samarbeidsprosjekt med andre verksemder og innovasjonsmiljø
- Legge til rette for nettverksbygging og møteplassar
Kven er du:
Vi ser etter deg som er initiativrik, løysningsorientert og som får ting gjort! Det viktigaste for oss er at du er ein som brenn for utvikling, men vi håpar òg at du gjennom nytenking vil utfordre oss som team og våre etablerte rutinar.
Vi ser etter deg som likar å ha med menneske å gjere, og som trivast i den rådgjevande og støttande rolla. Vi trur at du gjennom tidlegare arbeid har utvikla ei solid evne til å «snu deg rundt» når det gjelde, og «halde hovudet kaldt» når situasjonen krev det. Dette er eigenskapar du vil ha stor nytte av i arbeidet hjå oss.
I tillegg til dette er du sjølvstendig, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vi ser for oss at du har
- God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
- Erfaring frå prosjektleiing
- Relevant høgare utdanning, med kompetanse innan forretningsutvikling. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning
- Erfaring og kjennskap til verkemiddelapparatet vil være ein fordel, men er ikkje eit krav då god opplæring vil bli gitt.
Vi tilbyr
I tillegg til at du vil få ta del i vår spennande kvardag, der utvikling og innovasjon står i fokus, vil du også få bli ein del av eit inkluderande og engasjerande miljø både internt og eksternt. Kultur og arbeidsmiljø er viktig for oss. Det skal være godt å være tilsett i Kunnskapsparken Vestland!
Du vil altså få:
- Mulighet til å både gje og få tillit
- Ein spennande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen
- Gode utviklingsmogelegheiter
- Gode løns- og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
For meir informasjon om stillinga er du velkommen til å kontakte Dagleg Leiar Kjetil Kvåle på 952 06 574 og/eller Inkubatorleiar Roger Ulvestad på 938 17 336. Alle henvendelsar blir sjølvsagt behandla konfidensielt.
Om arbeidsgiveren
Vi deltek aktivt i kommersialisering av forretningsidear, og tilbyr gjennom vår fylkesdekkande inkubator, deltaking i eit nasjonalt inkubatorprogram – eit tilbod som legg til rette for at nyskapande gründerar og bedrifter skal kunne lukkast betre.
Kunnskapsparken er også kommersialiseringsaktør for Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
strategi, forretningsstrategi, strategiutvikling, organisasjonsutvikling, strategisk
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 276868613
- Sist endret