Autorisert Regnskapsfører
Økonomiservice AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
100 % stilling som autorisert rekneskapsførar innan landbruksrekneskap
Me søkjer etter autorisert rekneskapsførar innan landbruksrekneskap. Me søkjer etter deg som har bakgrunn frå rekneskap, økonomi eller liknande. Økonomiservice har kontor i Sogndal, Lærdal, Leikanger, Årdal og dekkar soleis heile Indre Sogn. Riktig kandidat ynskjer å vidareutvikle selskapet som ein viktig støttespelar for næringslivet i regionen.
Bransjen og selskapet er i ei spanande utvikling med nye teknologiske løysingar og tenester der kundane sine behov er i endring. Me ynskjer å gjere kvardagen enklare for kundane våre gjennom å levere effektive tenester av høg kvalitet. Med utgangspunkt i dette er selskapet ein totalleverandør av økonomi- og rådgjevingstenester.
ME KAN TILBY:
· Stor grad av fleksibilitet
· Kontorstad etter nærare avtale
· Utfordrande, spanande og varierte arbeidsoppgåver
· Deltaking i eit sterkt fagmiljø med moglegheit til utvikling både fagleg og på andre områder
· Eit uformelt og godt arbeidsmiljø
· Løn etter avtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar
· Kontorstad etter avtale
KVALIFIKASJONAR/EIGENSKAPAR:
· Autorisert rekneskapsførar med god kjennskap til landbruksrekneskap
· Trivast med kundekontakt og er flink til å bygge gode og langvarige relasjonar
· Endringsvillig, løysingsorientert, framtidsretta og evne og vilje til å ta ansvar
· Evnar å strukturere og effektivisere tenesteleveransen
· Er omgjengeleg, positiv og har gode samarbeidsevner
· Gode IT-kunnskapar og systemforståing
UTVALDE AKTUELLE ARBEIDSOPPGÅVER:
· Oppdragsansvar for eiga kundeportefølje
· Bidra til vidareutvikling av tenesteleveransane og kompetansebygging internt
· Tilby økonomisk rådgjeving innan ulike områder som gir meirverdi for kundane
· Arbeid med både manuelle og elektroniske rekneskap
· Rekneskapsføring, rapportering og årsoppgjer
Dersom du er interessert i meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med:
Solgun Haugen (leiar Team Landbruk) telefon 40 42 10 76 eller
Catherine Stigen Bøen (dagleg leiar) telefon 48 16 71 22.
SØKNADSFRIST: 12.12.22
Om arbeidsgiveren
· Autorisert rekneskapsførarselskap som blant anna leverar tenester innan rekneskap, løn, skatt, økonomisk rådgjeving og leiarsupport
· Me er i dag 30 medarbeidarar fordelt på dei ulike kontora
· I 2019 hadde me 30-års jubileum og gjekk inn som partnar i Vekstrakjeda (https://vekstra.no/)
SAMAN SKAPAR ME VERDI - gjennom å vere Tett På - Løysingsorienterte - Framtidsretta
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Granden 23, 6856 Sogndal
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
autorisertregnskapsfører, regnskapsfører, autorisert, regnskapsføring a-å, rådgivning
Dagens regnskapsfører samarbeider tett med kunden (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 282058265
- Sist endret