Seniorrådgiver
Sogn Næring
- Frist 31.12.2022
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å utvikle Sogn?
Er du interessert i digitalisering, det grøne skiftet, sirkulærøkonomi, berekraftig reiseliv, eller entreprenørskap? Då har vi stillinga for deg!
Som vår nye seniorrådgjevar vil du mellom anna få arbeide med dette:
- Rettleie gründere og etablerte verksemder
- Evaluere nye forretningsidear, utvikle forretningsmodellar og strategiar
- Identifisere moglegheitar, starte opp og leie prosjekt som bidreg til vekst i Sogn
- Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar
- Samarbeid med kommunar, næringslivet og andre samfunnsaktørar
Vi ser for oss at du har utdanning innan økonomi, innovasjon, entreprenørskap, prosjektleiing, marknadsføring eller liknande. Har du arbeida i prosjekt, eller har erfaring med innovasjons- og utviklingsprosessar, er det strålande.
Arbeidskvardagen vår er ein kombinasjon av teamarbeid, sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre eksterne aktørar. Det er difor ein fordel om du er ein initiativtakar, er glad i folk og eit nokså høgt tempo.
For å bli betre kjend med oss og vår arbeidskvardag, kan du lese meir på Facebook, Linkedin og nettsida vår. Er du ikkje frå Sogn, kan vi anbefale Sogn.no, for å bli litt betre kjend med regionen vi arbeida i.
Nøl ikkje med å ta kontakt om du har spørsmål!
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fosshaugane Campus, Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Bransje: Annet, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Prosjektledelse, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgiving, utvikling, innovasjon, entreprenørskap
Innovasjonsbygget på Sogndal Campus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 283106950
- Sist endret