Digital marknadsførar
Ryfylke interkommunale selskap
- Frist 15.1.2023
- Ansettelsesform Fast
Å kommunisere Ryfylke
Me er på leit etter ein kreativ digital marknadsførar som kan vera med å bygge opp kommunikasjonen og informasjonsarbeidet i Ryfylke
Ryfylke grensar til Stavangeregionen og har utfordringar når det gjeld demografi og befolkningsutvikling; ein aldrande befolkning. Likevel bidrar regionen mykje til verdiskapinga i fylket. Utdanning og kompetanseheving er nøkkelen til utvikling slik at arbeidslivet kan få utvikla sine fortrinn.
Regionen skal etablera eit regionalt utdanningssenter som vil byggje opp under FN sine berekraftsmål. Dei peikar på at folk uavhengig av bustad skal kunne ta del i utdanningstilbod, og gje arbeidslivet høve til utvikling og økonomisk vekst. Desse måla vil og fremja sosial rettferd og bidra til å utjamna ulikheiter mellom by og land. I dette arbeidet vil arbeidet ditt blir svært viktig.
Saman med fagskular, universitets- og høgskulesektoren, arbeidslivet og folk i Ryfylke skal me saman skreddarsy utdanningstilbod, med framtidsretta utdanningstilbod på ulike stader i regionen.
Derfor treng Ryfylke deg, som har lyst å vera med å bygge gode møteplassar for informasjon og kommunikasjon i Ryfylke. Du skal vera med å byggje dei plattformar me skal bruke og bidra til at flest mogleg blir kjent med arbeidet me gjer.
Fint om du har denne bakgrunnen:
· Utdanning og praksis innanfor digital marknadsføring og kommunikasjon
· Utadvendt, likar å spele på lag og er interessert i innovasjon og nyskaping
· Likar å produsera tekst og å fotografera/filme
· Ønsker å vera med å bygge merkevare Ryfylke
Me tilbyr:
- Ei spennande stilling
- Løn etter avtale og pensjonsordningar gjennom KLP
- Eit godt arbeidslag i Ryfylke IKS
Ryfylke IKS er lokalisert og har kontorstad på Hjelmeland. Arbeidsspråket er nynorsk. Me forventar at du og er trygg i engelsk skriftleg og munnleg. Oppstart så raskt som råd.
Søknadsfrist: 15.01.23. Ryfylke IKS må gjere søkjarlista offentleg med mindre du grunngjev årsak til å be om unntak frå dette, jamfør Offentleglova §3.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Reidun Sandvik 951 71 044
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ryfylkevegen 7040, 4130 Hjelmeland
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Medie- og innholdsproduksjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Journalist, Koordinering, PR og informasjon
Nøkkelord
digital
Annonseinformasjon
- FINN-kode 284879576
- Sist endret