Forlagsredaktør
Det Norske Samlaget
- Frist 15.8.2023
- Ansettelsesform Fast
Samlaget søkjer ny forlagsredaktør for fakta- og dokumentar
Vi søkjer ein idérik og handlekraftig person som kan styrkje Samlagets arbeid med å lage gode og nyskapande fakta- og dokumentarbøker.
Som forlagsredaktør vil du få utvikle nye bokprosjekt og vere med på å finne morgondagens profilar. Du er breitt samfunnsorientert og open for kva som rører seg i samtida. Eit stort nettverk, særleg blant unge vaksne, og visuell kompetanse er ein fordel.
Stillinga passar for deg som er kreativ, nysgjerrig og god til å sjå ting frå andre vinklar. Du bør vere ein god lesar og gjerne ha redaksjonell erfaring. Vi er også interesserte i personar med bakgrunn frå til dømes digitale medium, podkastproduksjon, film og tv-bransjen. Du har teft for dei gode historiene og ambisjonar om nå breitt ut.
I Samlaget vil du få stor fridom og høve til å utvikle deg i ein kunnskapsrikt fellesskap av engasjerte forlagsfolk. Samlaget er eit leiande litterært forlag med ei rekkje av dei fremste forfattarane i landet, mellom andre Jon Fosse, Maria Parr, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn, Kari Stai og Alfred Fidjestøl. Samlaget er ei ideell stifting, og alt overskot vi skaper, går tilbake til bøkene og litteraturen.
Vi oppmodar særleg personar med minoritetserfaring om å søkje.
Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk.
Vi tilbyr:
- kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- kontorlokale sentralt i Oslo
- fleksibilitet m.o.t. arbeidsstad og -tid (kjernetid 9–15)
- sommartid i sommarmånadane
- moglegheit for fleksitid og avspasering
- diverse sosiale arrangement
- konkurransedyktig lønn
- gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- delvis dekt telefon og internett heime
- tilgang til Samlagets leilegheit i Roma
- rabatt på alle bøker og eitt gratiseksemplar av alle samlagsbøker
- 5 ferieveker + 5 ekstra feriedagar
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Mariboes gate 13, 0184 Oslo
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Forlag og trykkeri, Medie- og innholdsproduksjon, Underholdning
- Stillingsfunksjon: Annet, Journalist, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 309763150
- Sist endret