Chief Financial Officer (CFO)
Hjelmeland Sparebank
- Frist 09.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for å leia økonomifunksjonen i ein dynamisk lokalbank?
Me i Hjelmeland Sparebank trur på lokalsamfunnet og ynskjer å vere ei kjelde til vekst og trivsel i Ryfylke, og eit naturlig val for verksemder og privatpersonar i regionen. Banken er lokaleid og sjølvstendig, og ein av våre styrkjer er lokalkjennskapen vår. Me er tett på kvar enkelt kunde, som støttespelar i små og store økonomiske val, gjennom heile livet.
Me ser etter deg om ynskjer ein ansvarsfull og spanande leiarstilling. Her får du moglegheit til å påverka utvikling og resultat ved å sikra at strategiske val byggjer på oppdatert og god finansiell informasjon. Som ein sentral leiar i banken, vil di kommersielle innsikt bidra til å forme og integrere alle aspektar av bankens aktivitetar og disposisjonar.
DINE OPPGÅVER OG ANSVARSOMRÅDER:
- Ansvar for økonomifunksjonen. Dette omfattar å sikra prognosar, intern og ekstern finansiell rapportering av høg kvalitet og i tråd med rådande regelverk, samt sikra bankens likviditet. Ansvaret omfattar og revisjon og dialog med ekstern revisor, ansvar for ICAAP, skatt.
- Personalansvar for økonomiteamet i banken.
- Førebu og presentera grunnlag og prognosar for økonomiske avgjerder, samt periodiske rapportar til leiargruppa og styret.
- Proaktiv rådgjevar og sparringspartnar for administrerande direktør.
- Vere i forkant med økonomiske moglegheits- og konsekvensanalysar knytt til konkrete vekstmoglegheiter og definisjon av strategiske prioriteringar.
- Utvikla og effektivisera økonomifunksjonen i banken
DIN KOMPETANSE OG EIGENSKAPAR:
Me søkjer ein erfaren og fagleg sterk person med fleire års erfaring innan rollar med fokus på økonomistyring eller revisjon. Me ynskjer at du har erfaring frå bruk av prognose og- styringsverktøy. For å lykkast i stillinga trengs god forståing for rekneskap, inkludert IFRS, og solid kunnskap om regulatoriske krav i finanssektoren.
Stillinga krev fortrinnsvis universitets- eller høgskuleutdanning innan eit eller fleire av verksemda sine ansvarsområde, men søkjarar med annan relevant utdanning og erfaring kan også vurderast.
Du må evne å sjå heile bilete, stille saman informasjon og kommunisere presist og forståeleg, både munnleg og skriftleg. Gode analytiske eigenskapar synes nødvendig. Me søkjer deg som likar å ta initiativ, som likar læring og utvikling, og som forstår at ein lyt leia seg sjølv for å kunne leia andre på ein god måte.
KVIFOR SKAL DU BYRJE HOS HJELMELAND SPAREBANK?
Dette er for deg som ønskjer eit arbeidsmiljø der ein støttar kvarandre og delar suksessane. Eit miljø som trur på at det er summen av teamet gjer at me vert gode. Her får du gjera ein merkbar skilnad for kollegaene dine og kundane våre. Hjelmeland sparebank kan i tillegg tilby særleg gode forsikrings- og lånevilkår.
ARBEIDSSTAD:
Du vil vere lokalisert på eit av våre kontor i Ryfylke og i samråd med leiaren din kan avtaler om til dømes heimekontor gjerast.
NYSGJERRIG?
Me tar gjerne ei uforpliktande og konfidensiell samtale om stillinga?
Ta kontakt med våre rådgjevarar i Human, Arne Dalehaug, tlf 957 86 454, eller Sondre Kråkenes Høysæter, tlf 957 93 784 for spørsmål.
Du kan óg kontakte administrerande banksjef, Bjørn Tjensvold, tlf 973 05 098, eller leiar kundemarknad, Kathrine Svalestad Veland, tlf 941 82 889.
Me gjer merksemd på at det kan krevjast ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40 og stadfesting frå Brønnøysundregisteret om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Dette vil gjelde for stillinger etter finansforetaksloven § 16-12 første ledd b) og §16-12 andre ledd.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Prestagarden 3, 4130 Hjelmeland
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering, Revisjon
Nøkkelord
Økonomisjef, Økonomileder, Økonomi og finans, CFO
Annonseinformasjon
- FINN-kode 315763071
- Sist endret