Koordinator for masterplan og berekraft
Visit Sognefjord AS
- Frist 1.11.2023
- Ansettelsesform Prosjekt
Koordinator for masterplan og berekraft prosjektstilling - Visit Sognefjord
Visit Sognefjord AS er reisemålsselskapet for Sognefjord-regionen i Sogn med over 200 medlemsbedrifter, 7 kommunar som eigarar og 4 fast tilsette. Selskapet har ansvar for profilering, marknadsføring og sal av reiselivsprodukta og reisemålet i alle aktuelle markedssegment i Norge, Europa, Asia og USA.
Vi jobbar både mot forbrukermaknaden, leissure bransjemarknaden og MICE/forretningsmarknaden, og er sertifisert som bærekraftig reisemål og Miljøfyrtårn.
Koordinator for masterplan og berekraft
Visit Sognefjord AS skal tilsette Koordinator for masterplan og berekraft. Koordinatoren skal ha ansvar for oppfølging av mål, strategiar og handlingsprogram i masterplan og merkeordninga for berekraftig reisemål. Arbeidet vert gjort i tett samarbeid med styringsgruppa for masterplanen (destinasjonsleiinga), kommunane, næringa, verneområda, næringsselskapa, samarbeidspartnarar og Visit Sognefjord. Koordinatoren vert sekretariat for styringsgruppa og ansvarleg for merking og re-merking av reisemålet, og rapporterer direkte til reiselivsdirektør og styringsgruppa.
Sogn regionråd er prosjekteigar og prosjektansvarleg (PA). Styringsgruppa for masterplanen (SG) er styret i Visit Sognefjord utvida med ein representant for verneområda, ein frå UNESCO verdsarv-området, ein frå Sogn regionråd og ein observatør frå Innovasjon Norge. SG skal tene som styrings-gruppe også for fase 3 Handlingsprogram i masterplanarbeidet, og det skal etablerast ressurs- og arbeidsgrupper med representantar frå kommunane, næringsselskapa og næringa etter behov for å sikre brei forankring og deltaking frå aktørane i reiselivet.
Stillinga er 3 årig prosjektstilling med intensjon om fast tilsettjing.
Bransje- og ressursgruppene med representantar frå næringa og kommunane knytt Visit Sognefjord er etablert, men må reviderast og revitaliserast som del av prosjektarbeidet i samarbeid med kommunane og næringsnettverket.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er knytt til aktørkontakt, koordinering og samhandling, analyser, utarbeiding av finansierings- og prosjektplanar, prosessplanlegging, intern kommunikasjon og rapportering, kartlegging og rapportering på kriteria og indikatorane i merkeordninga for berekraftig reisemål, og pådrivarrolla for iverksetting av lokale og regionale prosjekt og tiltak.
Kvalifikasjonar:
Koordinatoren for masterplan og berekraft i Visit Sognefjord må ha høgare relevant utdanning, god kunnskap om reiselivsutvikling, erfaring med prosjekt- og prosessleiing, stor arbeidskapasitet, høg gjennomføringsevne og gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
Kvalifikasjonane omfattar:
- Høgare utdanning tilsvarande Bsc.-grad eller høgare innan prosjektleiing, reiseliv, økonomi eller andre relevante fagområde
- Inngåande kunnskap om aktørane, verdikjedene og offentleg sektor sine roller i reiselivsutvikling
- Erfaring frå omfattande prosjekt- og prosessleiing og/eller nettverksarbeid
- Erfaring frå heilskapleg utvikling og koordinering av reiselivsnæringa, reiselivsnettverk og/eller reisemål
- Stor arbeidskapasitet og høg gjennomføringsevne knytt til igangsetting og oppfølging av tiltak og prosjekt
- Særs gode samhandlings- og kommunikasjonsevner knytt til aktørdialog og nettverksbygging
- Gode analytiske og strukturelle evner knytt til informasjonsinnhenting, analyse av rapportar, statistikk og økonomi med høg grad av nøyaktigheit
- Gode kommunikasjons- og framstillingsevner skriftleg og munnleg knytt til dialog, presentasjonar og rapportering
- Kjennskap til- og/eller erfaring frå arbeid med FN sine berekraftsmål og Innovasjon Norge sin tilpassing av UNWTO sine prinsipp for berekraftig reiseliv er ein fordel
Kort om masterplanen for Sognefjord og merking som berekraftig reisemål
Masterplanen for Sognefjord
Masterplan for reisemålet Sognefjord er utarbeidd av Visit Sognefjord på oppdrag av Sogn regionråd frå 2017 - 2021 med finansiering frå Innovasjon Norge, Sogn Regionråd og Visit Sognefjord. Kvalifisering for merke som berekraftig reisemål vart gjort samtidig.
Sognefjord skal vere det fremste reisemålet som utvikler reiselivsnæringa på lokalsamfunna, naturen og kulturhistoria sine premiss, og reisemålet Sognefjord skal utviklast etter visjonen Heile Sogn. Heilt ekte. Heile året. Planen har tre delar: Del 1 Strategi, Del 2 Strategiske innsatsområde og Del 3 Tiltaks-planar, og legg FN sine berekraftsmål til grunn, og byggjer på Innovasjon Norge og NHO reiseliv sin tilpassing av UNWTO sine prinsipp for berekraftig reiseliv.
Sogn skal stå fram som eit av dei fremste reisemåla i verda og “indrefileten” av det norske fjord- landskapet med utgongspunkt i nokre av dei vakraste natur- og kulturlandskapa i verda, tettleiken av levande fjordbygder og mangfaldet av aktivitetar, UNESCO verdsarven, nasjonalparkane, den lengste fjorden, den største breen, dei høgste fjella og dei fremste attraksjonane som mellom anna stavkyrkjene, Flåmsbana og dei nasjonale turistvegane.
Realiseringa av planen vil berre lukkast gjennom eit forpliktande partnarskap mellom kommunane, næringa, verneområda, verdsarvparken og Visit Sognefjord AS. For å lukkast med realiseringa skal det utarbeidast konkrete tiltaksplanar, der dei involverte aktørane forpliktar seg gjennom partnarskaps-avtalar. Sogn Regionråd og Visit Sognefjord har eit særleg ansvar for å sikre at planen vert gjennom-ført, og at arbeidet har tilstrekkeleg prioritet og ressursar.
Handlingsprogrammet skal ta planen frå ord til handling. Her vil ein bryte opp delstrategiane, og prioritere kva som skal jobbast med først, av kven og på kva måte. Handlingsprogrammet tek utgangspunkt i hovudaktivitetane og tiltakspunkta som ligg under kvar delstrategi. Programmet vil bli lagt fram for dei aktørane som har ansvar for gjennomføring for godkjenning. Programmet vil då fungere som ei bestilling for handlingsplanar for kvart enkelt tema som skal jobbast med. Det vil krevje eit solid og gjennomarbeidd avklaringsarbeid, der roller og ansvar vert tydeleg fordelt, og godt forankra. Dette er ein føresetnad for at reisemålet Sogn skal lukkast med utviklingsarbeidet
Berekraftig reisemål
Standard for bærekraftig reisemål er et sett med kriterier og indikatorer som bidrar til å styre utviklingen i reiselivet i en mer bærekraftig retning. Indikatorene i standarden gir konkrete målepunkt på denne retningen. Innovasjon Norge eier Standard for bærekraftig reisemål, versjon
3.0 av 1. januar 2022 og merket Bærekraftig reisemål som følger med godkjenning av leveranse på standarden.
Standarden er basert på et bredt faglig grunnlag blant annet gjennom UNWTO (FNs organisasjon for turisme), videreutviklet gjennom vurdering og analyse av lignende systemer, testet i et utvalg reisemål, og implementert i tett samhandling med destinasjoner, lokale offentlige aktører og myndigheter. Standard for Bærekraftig reisemål 3.0 er internasjonalt godkjent gjennom Global Sustainable Tourism Council (GSTC), det globale organet for vurdering og godkjenning av standarder i reiselivet. Kriteriene, i tillegg til norsk forvaltning og lov, gir grunnlag for godkjenning av den norske
standarden.
Om arbeidsgiveren
Vi jobbar både mot forbrukermaknaden, leissure bransjemarknaden og MICE/forretningsmarknaden, og er sertifisert som bærekraftig reisemål og Miljøfyrtårn.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Bærekraft, Reiseliv, bærekraftig reisemål, koordinator bærekraft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 319346290
- Sist endret