Folkemusikkarkivar
Valdresmusea AS
- Frist 1.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som folkemusikkarkivar
Formålet med stillinga:
Folkemusikkarkivaren skal sikre ei heilskapleg, forsvarleg og tradisjonsfagleg forvalting og formidling av folkemusikkarkivet ved Valdres Folkemuseum. Arbeidet skal gjerast i tråd med museet sine planar og standardar elles på området. Til stillinga følgjer ansvaret for folkemusikkformidlinga ved museet, og elles arbeidet med rekruttering til folkemusikk. Arbeidet skal skje i samarbeid med kulturskulane og dei frivillige organisasjonane. Stillinga inngår i kulturhistorisk seksjon og arkivaren svarer til seksjonsleiaren.
Ansvarsområde:
Folkemusikkarkivet ved Valdres Folkemuseum.
Arbeidsoppgåver:
Fysisk og digital sikring av folkemusikkarkivet:
- Inntak, ordning og digitalisering av lyd- og filmarkiv
- Registrering i Fiol
Formidling:
- Opplæring og rettleiing i folkemusikk frå Valdres
- Konsertar, konsertproduksjon og utøvande formidling i folkemusikk
- Forelesing og undervisning til studentar og skuleelevar
- Tekstproduksjon og publisering
Andre oppgåver:
- Utarbeide rutinar, system og arbeidsplaner
- Koordinere registreringsarbeidet med andre tilsette og frivillige i seksjonen
- Delta i relevante lokale, regionale og nasjonale nettverk
- Delta i anna museumsarbeid etter avtale
Vi kan tilby:
- Ei ansvarsfull stilling med høve til personleg utvikling
- Høve til å påverke profil og utvikling av Valdresmusea
- Eit positivt og hyggeleg arbeidsmiljø
- Medlemskap i KLP si pensjonsordning
Dine evner:
- Du er fagleg, nøyaktig og strukturert
- Du har stor kapasitet og evne til å ferdigstille arbeid på frist
- Du kan etablere system og følgje opp rutinar og instruksar
- Du har god munnleg og skriftlig framstillingsevne på bokmål og nynorsk
- Du har god samarbeidsevne
Din kompetanse:
- Utdanning innan folkemusikk
- Erfaring med arkiv- og museumsarbeid vil bli særleg vektlagt
- Erfaring med arrangement, kurs og opplæring
- Utøving i folkemusikk på høgt nivå
- God IT-kunnskap, bruk av digitale fagsystem og handtering av teknisk utstyr
- Førarkort klasse B
Anna:
Stillingsprosent: 100 %
Arbeidsstad: Fagernes
Ein må ta høgde for kvelds- og helgearbeid i periodar. For meir opplysning om stillinga, kontakt direktør Ole Aastad Bråten, mobil 907 63 635. «Landsovereinskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar» gjeld for Valdresmusea. Søknad med CV sender du til ole.aastad.braten@valdres.museum.no. Merk «søknad folkemusikkarkivar». Attestar skal berre sendast ved førespurnad.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
- Bransje: Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Folkemusikk, Arkiv
Annonseinformasjon
- FINN-kode 319381630
- Sist endret