Fagtilsett RVTS Vest - Kriser og psykososial beredskap
Helse Bergen
- Frist 6.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Fagtilsett RVTS Vest - Kriser og psykososial beredskap
Vi søker ein erfaren fagperson med kjennskap til arbeid med kriser, beredskap og psykososial oppfølging.
RVTS Vest dekker fylka Rogaland og Vestland og arbeider på tvers av etatar og sektorar. Senteret har rundt 20 tilsette fordelt i tre område; "Barn og unge", "Vaksne" og "Kommunikasjon og implementering". Senteret skal samordne og styrkje kompetansen og kvaliteten i tenesteapparatet på tema traume og kriser , sjølvmord, vald og flyktningehelse. Senteret jobbar med konsultasjon, undervisning og nettverksbygging. Senteret samarbeider med sentrale styresmakter og nasjonale fagmiljø på tema.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga skal styrkje senteret sitt arbeid med kriser, psykososial beredskap og kommunale kriseteam. Dei tilsette i senteret må kunne leie kompetanseprogram og bidra med undervisning og rettleiing
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum mastergradsnivå
- Kompetanse på arbeid med kriser og beredskap, med vekt på psykososial oppfølging
- Erfaring frå arbeid med vaksne og familiar
- Rettleiings- og undervisningskompetanse
- Erfaring med digitalisering er ønskeleg
- Erfaring frå prosjektarbeid er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Omstillingsvilje
- Ansvarsfølelse for eigne og senteret sine prosjekt
Vi tilbyr
- Tilhøyre i eit anerkjend fagmiljø
- Kultur for fagleg og personleg utvikling
- Stor fridom til å utforme innan eigne ansvarsområde
- Løn og arbeidsvilkår etter Helse Bergen sitt avtaleverk
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ulriksdal 2, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Fagtilsett,, fagansatt,, RVTS, Vest,, Kriser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 320342160
- Sist endret