Rådgiver økologi
Artsdatabanken
- Frist 15.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du økolog og vil vere med å lage den nye Raudlista?
Er du økolog og vil vere med å lage den nye Raudlista?
Om stillinga
Brenn du for økologi og artskunnskap og ønskjer at kunnskapen skal kome til nytte for samfunnet? Artsdatabanken søkjer no etter ein rådgjevar i 100% fast stilling til Seksjon for artskunnskap.
Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald under Klima- og miljødepartementet. Vår hovudoppgåve er å formidle oppdatert og lett tilgjengeleg kunnskap om artar og naturtypar. No startar vi arbeidet med å oppdatere Raudlista for artar. Vi treng deg som har auge for kvalitet og jobbar effektivt.
Du får vere med oss i alle fasane for å sette saman den nye Raudlista for artar fram til lansering. Norsk raudliste for artar er ein oversikt over artar som har risiko for å døy ut frå Noreg. Raudlista er utarbeida av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar frå mange ulike institusjonar. Les meir om vårt arbeid med Raudlista her. (https://artsdatabanken.no/rodlisteforarter2021/Rodlistahvahvemhvorfor)
Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil kunne bruke din utdanning innan økologi, dine evner til kommunikasjon og organisering til å:
- Analysere og sikre kvaliteten på faglegevurderingar
- Planleggje og gjennomføre møte med eksterne ekspertar
- Rettleie ekspertane i bruk av metode og analyseverktøy
- Utarbeide fagtekster til ulike medium
- Holde foredrag og presentasjonar
- Delta diskusjonar og utvikling av faglege spørsmål
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Relevant utdanning innan biologi, minimum mastergrad i økologi
- God og brei kunnskap om norske arter og deira økologi
- Svært god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Det er ønskeleg at du òg har:
- Brei kompetanse om fleire ulike artsgrupper
- God praktisk datadugleik og kjennskap til relevante dataverktøy for å handsame store datamengder
- Relevant erfaring og kompetanse for stillinga
- Erfaring med formidling av fagstoff
Personlege eigenskapar
Du er ein positiv person, som liker å løyse oppgåver saman med andre. Du presterer under press og tar ansvar, samtidig som du jobbar godt sjølvstendig og med tolmod med oppgåver som kan bli rutineprega. Du må være opptatt av å finne løysningar og ha gode samarbeid- og kommunikasjonsevner.
Det er viktig at du har eit blikk for kvalitet, og jobbar systematisk og ryddig. Du må også være trygg og komfortabel i vanskelege faglege diskusjonar. Du må ønskje å bidra til å styrke Artsdatabankens faglege og sosiale miljø.
Vi tilbyr
Artsdatabanken kan tilby eit godt arbeidsmiljø i fine lokale på Pirsenteret. Hos oss får du arbeide med utfordrande og interessante oppgåver knytt til systematisering og formidling av kunnskap om naturmangfald. Vi har fleksitid, mogelegheit for trening i arbeidstida og gode sosiale ordningar.
Stillinga blir løna som rådgjevar frå 540 000 til 610 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Anna om stillinga
Tiltreding
Tiltreding 1. mars 2024 eller etter avtale.
Kontaktperson
For nærmare opplysningar, ta kontakt med Ingar Pareliussen, seksjonsleiar artskunnskap, tlf. 928 19 379 eller vår rådgjevar i Headvisor, Torstein Sneisen, tlf. 91 88 81 86. All kontakt med Headvisor handsamast konfidensielt, om ønskeleg også overfor Artsdatabanken, i prosessen si innleiande fase.
Søknadsfrist: 15.11.2023
Vi ønsker gjerne at du viser din interesse i god tid før fristens utløp.
Generell informasjon
Søknaden skal sendes elektronisk. Legg ved elektroniske kopiar av relevante attester og vitnemål. Søknaden må skrivast på norsk, og eventuelle vitnemål frå utlandet skal vere oversett til norsk og NOKUT-godkjende.
Tilsetting skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som vert tilsett må rekne med at det kan skje endringar av arbeids- og ansvarsområde. Dei første seks månadene er prøvetid.
Artsdatabanken har eit godt arbeidsmiljø er preget av mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Vi oppmodar deg som har nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en (minst to av de fem siste årene) om å krysse av for dette når du søker. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten) Vi oppmodar òg nyutdanna å søkje.
Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må det særskilt grunngjevast i søknaden. Du får beskjed dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følgje.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnegata 9, 7010 Trondheim
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Biolog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 325649160
- Sist endret