![Lingalaks AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2023/11/vertical-0/30/4/330/760/844_985287349.png)
Biologisk Koordinator
Lingalaks AS
- Frist 6.1.2024
- Ansettelsesform Fast
Biologisk Koordinator
Er du vår nye Biologiske Koordinator?
Vi søkjer etter deg som er interessert i akvakulturnæringa - i biologi, fiskehelse og miljø, og som synest det er spanande og sjå etter samanhengar og mogelege forbetringsområder i matfiskproduksjonen. Samspelet mellom biologi og utvikling av teknologiske løysingar er viktige fokusområde for å sikre ein berekraftig og framtidsretta produksjon. Som biologisk koordinator vil du vere ein viktig ressurs i dette arbeidet hos oss.
Du vil verte ein del av eit team med fagpersonar innan biologi og fiskehelse, og arbeide med strategiske problemstillingar knytt til produksjonen.
Arbeidsoppgåver:
- Produksjonsplanlegging og prognosearbeid
- Analyse av biologiske resultat
- Oppfylging av KPI’ar innan biologi, produksjon og kvalitet
- Rapportering internt og til myndigheiter
- Oppfølging og implementering av biosikkerheitstiltak i felt
- Biologisk støtte og rådgjeving til produksjonen (t.d. prøvetaking)
- Prosjektoppfylging
Føretrekte kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Bachelor eller mastergrad innan akvakultur eller biologi
- Erfaring frå havbruksnæringa eller annan matproduksjon er ein føremon
- Resultatorientert og interessert i forbetringsarbeid
- Analytisk
- Interesse for og evne til kommunikasjon og formidling
- Gode samarbeidsevner
Lingalaks tilbyr:
- Konkurransedyktige vilkår
- Eit godt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for fagleg og personleg utvikling
Kandidatar vil bli vurdert fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Våre om lag 70 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.
Arbeidsstad er ved hovudkontoret i Norheimsund.
- Sektor: Privat
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Biolog, Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
biologi, fiskehelse, bærekraftig, oppdrett, laks
(1/4)
- FINN-kode 330760844
- Sist endret