Lokomotivførarar til Voss/Flåm
Vy Tog AS
- Frist 17.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Lokomotivførarar til Voss/Flåm og Ål
Er du sertifisert lokomotivførar eller student hos Norsk fagskole for lokomotivførere med avsluttande eksamen helst innan februar 2024?
Ønsker du å jobbe i team med hyggelege kollegaer for å sikre våre kunder den beste reisa? Då er det gjerne deg vi ser etter.
Vy tog Vest har ansvar for å utvikle og drifte vakre Bergensbanen, Vossebanen og lokaltoga mellom Bergen og Arna. Vi køyrer i tillegg den spektakulære Flåmsbana, og har med dette ei variert køyring for både pendlarar, fritidsreisande og ikkje minst turistar.Våre stasjoneringsstader er Voss, Flåm, Ål og Oslo, samt i Bergen, der òg dei fleste i administrasjonen har sin arbeidsplass.
Vi treng no fleire serviceinnstilte lokomotivførarar; 2 til Voss/Flåm og 3 til Ål.
Ved intern omflytting, vil det kunne bli fleire ledige stillingar på dei ulike stasjoneringsstadane.
Om du fyller krava til kompetanse, kan identifisere deg med våre verdier: Samspel - Ansvar - Kundeglede og vil bidra til eit framleis godt arbeidsmiljø hos oss, håper vi du søker! Oppgi om du ønsker Ål, Voss og/eller Flåm som fast stasjoneringsstad. Oppstart blir etter avtale. Interne kandidatar i Vy tog blir prioritert ved tilsetjing og må oppgi sin ansiennitet i søknaden. Vi tek sikte på intervju med aktuelle kandidatar alt 20.desember 2023.
Arbeidsoppgaver
- Trygg og punktlig framføring av persontog (Type 75 og El-18)
- Informere kundar, kollegaer og transportledarar om trafikkhendingar
- Skifting
- Håndtere avvik i samarbeid med kollegaer
- Plattformtjeneste ved behov
- Rapportere avvik i synergi
Kvalifikasjoner
- Sertifisert-/fullført lokomotivførerutdanning frå Norsk fagskole for lokomotivførere/
Lokomotivførar under grunnutdanning, fortrinnsvis med avsluttande eksamen innan februar 2024. - Gyldig førarbevis og helseattest
- Gode norsk- og engelskkunnskaper
Studentar må oppgi dato for når dei forventer å fullføre skulen, samt ettersende vitnemål før oppstart.
Fast tilsetting forutset bestått eksamen frå fagskulen og sertifisering hos Vy tog Vest etter endt internopplæring.
Personlige egenskaper
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du tek ansvar og har stort fokus på tryggleik og punktligheit
- Du er imøtekommande og serviceinnstilt ovanfor både kundar og dine kollegaer
- Du evner å vere fleksibel og løysningsorientert når det trengs
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og framstår som ein god representant for Vy tog Vest
Vi tilbyr
- Variert togkøyring på vakre og spektakulære togstrekningar
- Markedsbasert og konkurransedyktige arbeidsbetingelsar iht tariff
- Turnustjeneste, som inneber at du må kunne starte tidleg og seint, samt jobbe helg og helligdagar - men òg få fridagar midt i veka
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode rabattar på togreiser i inn- og utland til deg og familien i henhold til gjeldande personalbillettordning
- Faglege- og personlege utviklingsmuligheiter
- Ei bedrift prega av fellesskap og mangfald
Kun elektroniske søknadar via Webcruiter vil bli vurdert. Nokre søkarar har strenge spam-filtre så vi oppfordrar til jevnlig å sjekke mail-søppelkassa medan rekrutteringsprosessen pågår.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 5
- Sted: Stasjonsvegen 5, 5700 Voss
- Bransje: Transport og logistikk, Annet
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør, Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Tog,, Lokomotivfører, Persontog, Vy tog Vest
- FINN-kode 330956994
- Sist endret