Lærerstillinger i Klepp kommune fra 01.08.2024
Klepp kommune
- Frist 05.02.2024
- Ansettelsesform Fast
Lærerstillinger i Klepp kommune fra 01.08.2024
Frå 1. august 2024 er det ledig fleire lærarstillingar. Mesøker etter dyktige og engasjerte pedagogar med godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen.
Det kan vere behov for alle fag i grunnskulen
Fleire skular i kommunen er partnarskapsskular for grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.
Klepp kommune har eit godt etter- og vidareutdanningstilbod.
Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra, med redusert undervisningsplikt 1. året i tråd med sentral avtale.
I skulane vil det bli ledig heil- og deltidsstillingar. Utlysinga gjeld både fast tilsetting og vikariat.
Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.
Arbeidsstad
I Klepp kommune er det er seks barneskular, to ungdomsskular, ein kombinert barne- og ungdomsskule og kulturskule. Klepp kommune samarbeider med Time kommune om Vardheia ungdomsskule. Kleppelunden skule vil stå ferdig i august 2024. Kommunen har i tillegg språkstasjon ved Kleppe skule og Orstad læringssenter med alternativt opplæringstilbod.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Skule / Rektor / Mobilnummer
Bore skule, rektor Jorun Beate Fylkesnes 938 95074
Bore ungdomsskule, rektor Harald Tolo 952 24374
Engelsvoll skule, rektor linda Refvik 997 09603
Klepp ungdomsskule, rektor Sigurd Ravndal 928 68154
Kleppe skule, rektor Sylvia Gjersdal 928 39767
Kleppelunden skule, rektor Kariann Leikanger 984 34386
Orre skule, rektor Kenth Magne Åsebø-Trodal 907 90216
Orstad skule, rektor Randi Harveland 412 92877
Tu skule, rektor Vibeke Sola 402 88 726
Ta kontakt med rektor på den einskilde skule for nærmare opplysning om kompetansebehov.
Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju ved den einskilde skule
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar
- du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane
- du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega
- du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar
- du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson
- du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
- du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel
- du samarbeider og kommuniserer godt. Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk
Søknad
Søknadsskjema finn du ved å klikke på «Søk på stillinga»
Søknadsfrist er 05.02.24.
Om arbeidsgiveren
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 15
- Sted: 4350 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 334964144
- Sist endret