Kunderådgjevar Kundesenter
Sogn Sparebank
- Frist 14.2.2024
- Ansettelsesform Fast
Kunderådgjevar med særskild ansvar for kundereise og kundeoppfølging
Me søkjer kunderådgjevar med særskild ansvar for kundereise og kundeoppfølging.
Stillinga er plassert i banken sitt kundesenter. Kundesenteret er første kontaktpunkt mellom kundane og banken og hovudansvaret vårt er å hjelpe nye og eksisterande kundar med bank i kvardagen. Teamet er sett saman av ein gjeng med engasjerte og fagsterke medarbeidarar som saman med resten av banken kvar dag gjer sitt beste for at det skal vere sutalaust å vere kunde hjå Sogn Sparebank.
Dine arbeidsoppgåver
- Innkommande og utgåande samtalar
- Handsame spørsmål og saker frå kundane på ein rask og korrekt måte
- Sal og aktiv kundeomsorg
- Formidle digitale løysingar til kunden
- Onboarding av nye kundar og avtalar
- Antikvitvaskoppgåver
- Antisvindeloppgåver
- Bidra til felleskapen ved å ta ansvar for eige arbeid, dele kompetanse og hjelpe andre i teamet.
- I tillegg får du særskilt ansvar for å utvikle og følgje opp kundereisa og den enkelte daglegbankkunde.
Me ynskjer at du
- er kundefokusert og er oppteken av å skape dei beste kundeopplevingane
- er ein god formidlar
- har erfaring med kundebehandling på telefon, mail og sosiale media
- har gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- har god forståing og interesse for privatøkonomi og har orden i eigen økonomi
- har høg etisk standard, er nøyaktig, arbeidsam og kvalitetsbevisst
- har relevant høgare utdanning
- har kunnskap innan forsikringsområdet eller er interessert i å lære
- er oppdatert på digitale løysingar
- tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny kompetanse
Me tilbyr
- Ein spennande arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og uformelt arbeidsmiljø
- God oppfølging
- Konkurransedyktige vilkår, mellom anna svært gode pensjonsordningar
- Kontorstad Sogn, med mogelegheit til å jobbe frå alle banken sine kontor
Har du spørsmål?
For spørsmål og meir informasjon om stillinga kan du kontakte leiar kommunikasjon og kundeopplevingar, Ragnhild Skahjem Tofastrud, tlf. 480 01 430 eller rst@sognbank.no
Send søknad med CV til iin@sognbank.no innan 14. februar.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: 5745 Aurland
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Kundeservice, Kvalitetssikring
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kundeservice, bank, sal, kundepleie, lokalbank
- FINN-kode 337681235
- Sist endret