Oppvekstrettleiar
Vaksdal kommune
- Frist 03.03.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til å betre barn og unge sin kvardag?
Oppvekstrettleiar
Om stillinga
Oppvekstrettleiar er ei nyoppretta tverrfagleg stilling i Vaksdal kommune. Stillinga er 100% fast, og er eit samarbeid mellom tenesteområde oppvekst og tenesteområde helse og meistring.
Oppvekstreforma gjev kommunane ei plikt til å skape eit koordinert samarbeid på tvers av tenesteområde i den førebyggande innsatsen for barn og unge. Vi lyser derfor etter ein oppvekstrettleiar som saman med dei ulike tenestene skal drive eit godt førebyggande arbeid.
Stillinga er plassert i avdeling for tverrfagleg helse.
Føresetnadar for godt førebyggande arbeid er barn og unge si medverknad, heilskapleg plan -og strategileiing, lokal mobilisering gjennom frivillig innsats, risikokompetanse og samarbeid på tvers. Ein oppvekstrettleiar vil arbeide saman med tenestene på alle desse områda.
Oppvekstrettleiaren skal slik samarbeide med alle tenestene som er relevante for born og unge, samt kunne rettleie både familiar og ulike tenester.
Arbeidsoppgåver
- Du skal vere vår drivkraft i arbeidet med å koordinere tenester i laget kring barn og unge.
- Du inngår i fagmiljøet i tverrfagleg helse.
- Delta i ulilke utviklingsprosjekt, nettverk, utval og team på det tverrfaglege området når det gjeld barn og unge.
- Du skal ha ansvar for koordineringa av kommunen sitt tverrfaglege team knytt til den førebyggande temaplanen vår, Føre var.
- Du skal bidra inn i kompetanseutviklinga og rettleiing i alle tenestene i oppvekst og helse.
- Som oppvekstrettleiar får du ansvar for å gjennomføre avgrensa oppdrag knytt til våre lågterskeltilbod.
- Du skal vere ein brubyggjar og kontaktperson for skule og barnehage inn mot dei tverrfaglege tenestene.
Kvalifikasjonskrav
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning.
- Interesse for det førebyggande feltet barn og unge og erfaring frå kommunal sektor er ein fordel.
- Ynskjeleg med erfaring frå prosjekt-, plan- og/eller utviklingsarbeid.
- Har gode munnleg og skriftlege norsk ferdigheter.
Det er viktig for oss at du
- har evne til å bygge tillit og relasjonar til andre mennesker.
- kan lytte og forstå andre sine utfordringar og ståstad.
- kan arbeida sjølvstendig, metodisk og kunnskapsbasert, samt vera kulturbyggjar for samhandling.
- Ser moglegheitar for utvikling og nye måtar å løyse oppgåver på.
- Hjå oss er ingen dag lik så du må like høgt tempo og takle uforutsigbarhet.
- Har evne til rettleie både enkeltindivid og grupper.
- Ynskjer å vera med å byggja eit team av sjølvstendige fagfolk som skal arbeida heiltheitleg om felles utfordringar.
- Personleg eigenskapar vil bli særleg vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
- Spanande og utfordrande stillingar
- Gode og kvalifiserte fagmiljø
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis parkering
Om arbeidsgiveren
Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Omsorg og sosialt arbeid, Rådgivning
- FINN-kode 339557144
- Sist endret