Førstekonsulent/Rådgjevar (1 årig vikariat)
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 29.02.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Er du opptatt av medier og mediepolitikk?
Førstekonsulent/Rådgjevar (1 årig vikariat)
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ledig eit årsvikariat for ein samfunnsvitar eller jurist i avdeling for medier og kunst. Vi ser etter ein medarbeidar som skal jobbe i MK1, primært med mediepolitikk, men det vil og vere aktuelt å jobbe med andre oppgåver i avdelinga og departementet. KUD er eit relativt lite departementet prega av høg offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli ein del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.
KUD er eit relativt lite departementet prega av mykje offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli del av eit vitalt og tverrfagleg fagmiljø med mange engasjerte og kompetente medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Dei redaktørstyrte media har ei viktig betydning for det offentlege ordskiftet, ytringsfridom og demokratiets funksjonsmåte. Mediefeltet er sterkt prega av teknologiske og marknadsmessige endringar, til dømes overgangen til digital teknologi og framveksten av sosiale media. Dette gjer at mediepolitikken er eit utfordrande fagfelt, som heile tida er i endring. Du vil jobbe med løpande saker på mediefeltet, til dømes utvikling av mediestøtteordningane, eigarstyring av NRK, internasjonalt samarbeid, taleskriving for politisk leiing og handsaming av pressesaker. Du vil óg bidra til departementet sitt arbeid med å følgje opp Ytringsfrihetskommisjonen. Seksjonen har i tillegg ansvar for pengespelregulering og du kan difor få oppgåver knytt til dette feltet.
Kvalifikasjonar
Du må ha
- mastergrad i samfunnsfag eller jus, med gode resultat
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Du bør ha noke yrkeserfaring med relevans for stillinga. Du treng ikkje ha forkunnskap om mediepolitikk, men du bør ha kjennskap til dei sentrale utviklingstrekka på mediefeltet og interesse for dei samfunnsmessige konsekvensane av denne utviklinga. Interesse for spørsmål knytt til ytringsfridom vil vere ei føremon.
Personlege eigenskapar:
- evne til å jobbe sjølvstendig
- gjennomføringsevne
- gode samarbeidsevner
- analytiske evner
Den som blir tilsett i stillinga må kunna autoriserast for tilgang til informasjon gradert BEGRENSET etter tryggingslova.
Vi tilbyr
Kultur - og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.
Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.
Lønn frå 527 700 (ltr 53) til 594 500 (ltr 61) kr brutto per år som førstekonsulent eller frå 548 600 (ltr 56) til 679 000 (ltr. 69) kr brutto per år som rådgjevar.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv for at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en og med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av dei nemde kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvailifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Les meir om krava på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkjarliste og kontakt
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen på telefon 907 95 192.
Om avdelinga og seksjonen
Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk.
Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta, og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området. Avdelinga er samansett av tre seksjonar.
Om arbeidsgiveren
Departementet har om lag 160 tilsette, fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grubbegata 1, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler, Samfunnsviter
- FINN-kode 339944796
- Sist endret