![Fyresdal kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/2/vertical-0/20/5/340/958/645_273527877.jpg)
Pedagog
Fyresdal kommune
- Frist 10.3.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Pedagog på Gimle skule - inntil 400 % vikariat
For skuleåret 2024/2025 er det ledig inntil 400 % vikariat som pedagog på Gimle skule. Storleik på stillinga kan tilpassast søkar.
Vil du vere med å utvikle ein triveleg skule med Hamaren Aktivitetspark som næraste nabo? Brenn du for å engasjere born og unge til å utvikle seg sosialt og fagleg? Trivst du med ein aktiv arbeidskvardag der hovudfokuset er å ruste kommande generasjonar til å bli vinnarar i eigne liv? Då vil vi gjerne ha deg med på laget!
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskule, pedagogisk bakgrunn og/eller erfaring frå arbeid i skulen
- Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i fylgjande fag:
- o Engelsk
- o Norsk
- o Matematikk
- o Tysk
- o Ukrainsk
- o Musikk
- Gode digitale ferdigheiter – vi bruker Visma og Office 365
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning på ulike klassetrinn
- Elevoppfølging - kontaktlæraransvar kan bli aktuelt
- Spes.ped.-undervisning
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar som tek initiativ til nye arbeidsmåtar
- Du har eit positivt elevsyn og har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og løysingsorientert
- Du tek ansvar, er profesjonell, strukturert og overheld tidsfristar
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert i leik og samhandling med barn
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Tilsettingsvilkår:
- For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk.
- Den/dei som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova § 10-9.
Velkomen som søkar!
Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring.
Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
pedagog, grunnskole
- FINN-kode 340958645
- Sist endret