Konsulent Løn
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 10.03.2024
- Ansettelsesform Fast
Konsulent Løn
Har du lyst å arbeide saman med oss? Seksjon for løn og rekneskap søkjer no etter ein engasjert medarbeider innanfor løn i 100% stilling, med arbeidstad Molde. Løn- og rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er ei spanande eining som leverer økonomi-tenester av høg kvalitet i ERP systemet SAP og lønssystemet SDWorx. Hovudkontoret for løn og rekneskap er lokalisert i Molde og har i dag 22 tilsette. I stillinga som Konsulent løn vil du vere ein ressursperson i lønsteamet, som består av 10 tilsette.
Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spanande kaféar og spisestadar. Sjå meir her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for løn for eigne avdelingar i Helse Møre og Romsdal
- Oppfølging av sjukelønsrefusjonar frå NAV
- Kontroll av reiserekningar
Kvalifikasjonar
- Høgare økonomisk utdanning
- Kjennskap til lønsarbeid i helseforetak eller liknande verksemd er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
- Kjennskap til SDWorks
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Strukturert
- Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skrifteleg
- Serviceinnstilt, utadvendt og imøtekomande
- Kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Nye og moderne lokaler
- Trivelege kollegaer i eit godt og fagleg miljø
- Fleksitidsordning
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 47B, 6412 Molde
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Lønn
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 341361813
- Sist endret