Lærar / miljøterapeut / fagarbeidar
Holmedal Montessoriskule
- Frist 28.2.2025
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 437 300 - 778 000 krTariffavtale / lønn etter tariff, lokale tillegg, pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
Ledige stillingar
Ledige stillingar
Frå 1.august 2025 har vi ledige stillingar som
- Lærar / barnehagelærar / spesialpedagog i 100 %
(fast stilling på vilkår av at ein har eller eller er villig til å ta vidareutdanning i montessoripedagogikk)
- Lærar / barnehagelærar / spesialpedagog i 100 %
(vikariat til 31.07.2026)
- Fagarbeidar/miljøarbeidar i skule og SFO (80 - 100 %)
(fast stilling)
- Miljøterapeut i skule og SFO (80 - 100 %)
(fast stilling)
Vi søkjer pedagogar som:
- gjerne har tilleggsutdanning i montessoripedagogikk (evt. er villig til å ta slik utdanning på sikt)
- har erfaring frå barneskule og gjerne fagkompetanse og/eller erfaring med begynnaropplæring og spesialpedagogikk.
Vi søkjer også fagarbeidar / miljøarbeidar som:
- har fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant kompetanse
- kan samarbeide tett med kollegaene
Vi søkjer også fagarbeidar / miljøarbeidar som:
- har utdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller annan relevant høgskuleutdanning / kompetanse
- kan samarbeide tett med kollegaene
For alle stillingane ynskjer vi søkjarar som:
- har «vi-kjensle», og vil vere med på å vidareutvikle skulen
- er positive, fleksible og kreative
- kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- ynskjer å inspirere elevane til utforsking og læring
- har god relasjonskompetanse
Søkjarar utan godkjend utdanning vil bli vurderte om vi ikkje får andre søkjarar. Send søknad med CV til oss pr. e-post eller brev snarast
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Prøvetid 6 månader. Krav om politiattest ved tilsetjing.
For meir informasjon sjå heimesida vår: www.holmedalmontessoriskule.no
Montessoripedagogikk: www.montessorinorge.no
Kontaktperson: Oddveig Lyngstad, rektor
tlf.: 99500883
e-post: oddveig@holmsk.no
Om arbeidsgiveren
Holmedal montessoriskule vart etablert i 2005 og inneverande skuleår har vi 41 elevar, fordelt på 2 grupper frå 1. – 7. klassesteg. Vi underviser elevane i aldersblanda grupper og nyttar læreplan for montessoriskulen, som byggjer på pedagogikk utvikla av Maria Montessori. Skulen ligg landleg og idyllisk til i Holmedal ved vakre Dalsfjorden, i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Vi har både fjord og fjell rett utanfor døra, og eit godt opparbeidd uteareal.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 4
- Sted: DALSFJORDVEGEN 3007, 6982 Holmedal
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Førskolelærer, Spesialpedagog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lærar, spesialpedagog, montessoripedagogikk, miljøterapeut, begynnaropplæring
Sommarfest 2024 (1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 343043194
- Sist endret