Automatikar/elektrikar
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 1.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Mineraleventyret på Engebø trenger fleire Automatikar/elektrikar! Er det deg?
Engebø Rutile and Garnet AS er eit selskap i vekst og vi riggar oss for oppstart av produksjon hausten 2024. Odd Gunnar, vår dyktige teknisk og vedlikehaldsleiar, treng difor fleire hjelpande hender for å halde kontroll på anlegget. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for enorm karriereutvikling, samt kort veg ut i den flotte naturen i vakre Sunnfjord.
Vi skal produsere rutil og granat. I tillegg til mineralprodukta vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineral. Produkta vil i hovudsak bli eksportert. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil kreve omlag 100 tilsette.
I stillinga som automatikar/elektrikar treng vi deg som er nyutdanna, men og deg med lengre erfaring i frå faget som er nysgjerrig og motivert for nye utfordringar. Er du i tillegg løysingsorientert og stadig jaktar den optimale løysinga, vil du passe godt inn i resten av teamet.
Ønska kvalifikasjonar og erfaringar:
- Fagbrev som automatikar, elektrikar.
- Arbeidserfaring innan industri og automasjon
- Erfaring innan bygg og infrastruktur
- Erfaring med HMS og kvalitetsarbeid
- Vedlikeholdplanlegging
- Førerkort klasse B
- Sertifikat på truck og kran
- Beherske bruk av IT verktøy i arbeidskvardagen
Om du er ung, gammal, mann, kvinne eller kvar du er i frå spelar ingen rolle! Vi heiar på mangfald, og vil oppfordre alle kvalifiserte til å søke uansett kultur og tenkemåte då vi ser på dette som viktig for nytenking, utvikling og kvalitet i vårt arbeid. Arbeidspråk er norsk, og du må difor ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk skriftleg og muntleg.
Arbeidstad er på Engebø i splitter nye kontor og produksjonsbygg! Arbeidstida er dagtid.
Vi tilbyr ein unik mogligheit, og rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling. Ein jobbar tett på leiinga, med kort veg frå ide til avgjersle. Dette gir moglegheit for å påverke kva du meinar ein må prioritere.
Vi skal bli ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Spennande? Ja, då er det bare å hive seg rundt og sende inn ein enkel søknad. Om du er introvert eller ekstrovert spelar ingen rolle så lenge du er motivert og har lyst til å utvikle deg, samt har eit sterkt ønske om å bidra til forbetring!
Ikkje nøl med å kontakte oss dersom du har spørsmål til stillinga eller korleis det er å jobbe i Engebø Rutile and Garnet. Send gjerne ei henvending til vår "motsette referanse", kontaktinfo finn du på engeboprosjektet.no/karriere.
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile & Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Engebø, 6817 Naustdal
- Bransje: Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektronikkmontør, Mekanikk og installasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
elektriker, installasjonselektrikker, automasjon, automasjonstekniker, Nordic Mining
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 343969071
- Sist endret