Fagrådgjevar Berekraft, Energi og Miljø
Vestland fylkeskommune
- Frist 29.04.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagrådgjevar berekraft, energi og miljø
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er
ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca 800.000 m2, og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Stillinga er plassert i seksjon for utbygging som har ansvaret for gjennomføringa av alle investeringsprosjekt innan bygg i Vestland fylkeskommune. Vi søker no etter fleire engasjerte medarbeidar i eit utviklande miljø. Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger eller Bergen.
Vestland fylkeskommune set gode klima og miljøløysingar som ein viktig premiss for ei god samfunnsutvikling. Berekraftsmåla til FN er lagt til grunn for utviklingsplan og vårt arbeid med grøn omstilling i Vestland. Berekraft er gjennomgåande i all utbygging og rehabilitering. Det inneber sentrale vurderingar omkring arealbruk, materialval, ombruk, energibruk, utslepp, bruk av ny teknologi m.v. Målet er at bygga skal vere tilpassingsdyktige og ta omsyn til behov både i dag og i framtida. Fagrådgjevar berekraft, energi og miljø vil vere ein viktig bidragsytar til å sette premiss og retning for den vidare utviklinga.
Arbeidsoppgåver
- Vere vår rådgjevar, sette retning og gi veiledning innan fagfeltet
- Vidareutvikle våre kravspesifikasjonar for fagfeltet som grunnlag for våre prosjektinvesteringar
- Delta i alle fasar av byggeprosjekta, frå planlegging til gjennomføring og overtagelse
- Sikre samspel med tilsette, brukarar og andre samarbeidspartar for å sikre gode og berekraftige løysingar
- Fagleg medverknad i ulike utgreiingar og prosjektgrupper og representere eigedomsavdelinga i ulike interne og eksterne fora.
- Det kan og bli aktuelt med oppgåver knytt til prosjektleiing
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på master eller minimum bachelornivå fortrinnsvis innan bygg- eller tekniske fag.
- Særleg vil kompetanse innan berekraft, energi- og miljø bli tillagt vekt
- Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
- Relevant praksis frå arbeidsområdet, men velkvalifiserte nyutdanna vil òg bli vurderte
- Erfaring med energirådgiving, BREEAM, berekraftstrategi- og rapportering vil være eit pluss
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som kan sette retning og utvikle fagfeltet, har gode samarbeidsevner og ei positiv, løysingsorientert innstilling
- Vi ynskjer at du har evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig i ein framoverlent organisasjon.
- Vi set pris på medarbeidarar som bidreg positivt til det gode arbeidsmiljøet.
- Du må ha god norsk framstillingsevne , munnleg og skriftleg
- Høg etisk standard
Vi tilbyr
- Spennande og varierte oppgåver i eit tverfagleg miljø
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings - og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og gode kontorfasilitetar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagrådgjevar berekraft energi og miljø
Annonseinformasjon
- FINN-kode 345062631
- Sist endret