Klimarådgivar
Statens vegvesen
- Frist 28.04.2024
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å bidra med kompetansen din for å styrkje arbeidet med klima?
Klimarådgivar
Om stillinga
Vi har eit mål om å redusere klimagassutsleppa med 55% innan 2030, mellom anna gjennom innkjøpa og oppfølginga våre av kontraktar. Vi
søkjer derfor klimarådgivar med tiltreding snarast mogleg. Stillinga er knytt til stab Kontrakt og marknad i Divisjon drift og vedlikehald.
Som klimarådgivar hos oss vil du utgjere ein forskjell i drifts- og vedlikehaldskontraktar og i konkrete byggjeprosjekt, samtidig som du får høve
til å påverke klimaresultata til heile porteføljen til divisjonen. Du vil også få ei viktig rolle i å vere med å byggje opp eit klimafagleg miljø og bidra
inn i det strategiske arbeidet på klima i divisjonen.
Kontrakt og marknad hjelper mellom anna dei operative einingane til divisjonen med rådgiving innanfor fagområda til divisjonen, med eit særleg
fokus på marknaden, innkjøp og kontraktar. Ei viktig oppgåve er også å vareta kontakt med eksterne aktørar innanfor fagområda til avdelinga.
Divisjon drift og vedlikehald har ansvaret for å vareta vegeigarskapen på eksisterande riksvegar. Porteføljen til divisjonen, med om lag 150
årlege innkjøp og til kvar tid ca. 350 løpande kontraktar, er breitt samansett av drift, vedlikehald, planlegging og bygging av mindre
utbyggingsprosjekt og dessutan gjennomføre utbetringstiltak.
Arbeidsoppgåver
Du vil få ein spenn ande og variert arbeidskvardag der arbeidsoppgåvene mellom anna er:
- følgje og bidra til utvikling i marknaden av nullutsleppsteknologi for drift og hald ved like og mindre investeringar.
- kombinere kunnskap innan ulike klima- og miljøfagfelt til ein heilskapleg og god praksis i Staten vegvesen.
- bidra til at divisjonen når klimamåla sine på porteføljenivå.
- utarbeide og evaluere klimakrav/-kriterium i ulike kontraktar.
- utføre klimagassberekningar.
- kombinere kunnskap innan ulike klima- og miljøfagfelt til ein heilskapleg og god praksis i Staten Vegvesen.
- andre relevante oppgåver lagt til Kontrakt og marknad.
Stillinga fordrar både stor grad av sjølvstende, men også oppgåveløysing i team.
Vi har medarbeidarar på følgjande lokasjonar: Gjøvik, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø, Harstad, Tromsø, Alta og Hammerfest. Annan
kontorstad kan også vurderast og vi ber deg oppgi ønskt kontorstad.
Kompetansekrav
Vi ser etter deg som har:
- minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule med relevante fagkombinasjonar. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
- gode ferdigheiter innan digitale verktøy og aktuelle klimagassverktøy
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå
HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Det er ønskjeleg at du:
- har kjennskap og/eller erfaring med LCA-metodikk og klimabudsjett/-rekneskapar
- har erfaring med strategisk arbeid, og då gjerne innan klima og miljø
- har erfaring med utformining og oppfølging av kontraktar og der klima og miljø har noko å seie
- har kunnskap om praktisk arbeid innanfor våre kontraktstypar
- relevant bransjekunnskap
- kjenner til innsatsfaktorar og betydninga dykkar for klima og miljø
har ønske og motivasjon til å bidra til ei digital utvikling av relevante oppgåver
Personlege eigenskapar som vi ser etter:
- god relasjonskompetanse
- høy arbeidskapasitet
- strukturert, systematisk og
- analytisk
- initiativrik og evne til å sjå løysingar
- har ein trygg og tydeleg kommunikasjon
Vi vil vektleggje nøyaktigheit, ryddighet og fleksibilitet. Arbeidsoppgåvene kan medføre noko reiseverksemd.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt leiar Bente Johnsen Aase tlf. 95099596.
Om arbeidsgiveren
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Stakkevollvegen 35-37, 9010 Tromsø
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Rådgivning
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 348603856
- Sist endret