Prosjektingeniør
Østerbø Solutions AS
- Frist 21.5.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for ei sentral rolle i satsinga vår på elektro og automasjon til havbruk, industri og det offentlege?
Dei siste åra har Østerbø Solutions AS hatt ein betydeleg vekst innan elektro og automasjon. Elektrifisering, utbygging av ny framtidsretta industri og det grøne skiftet aukar behovet for kompetansen og løysingane våre.
Vi ønskjer no å styrke laget på avdeling elektro og automasjon, med ein teknisk og kommersiell prosjektingeniør, som kan auke kapasiteten vår på sal, marknad, kalkyler og prosjekt.
Arbeidsoppgåver
Følge prosjekt frå A til Å
- Du er med frå innsal til oppstart, gjennomføring og fullføring av prosjekt
- Kalkulering, teikning, berekning og prosjektering
- Kundekontakt og oppfølging
- Prosjektleiing og anleggsleiing
Som den nye prosjektingeniøren vår får du ei sentral rolle i satsinga vår på elektro, automasjon og leveransar til havbruk, industri og det offentlege.
Ønska Kvalifikasjonar
Kjenner du deg att i noko av dette? Send oss ein søknad
- Ønskjeleg med erfaring frå prosjekt til havbruk, industri ellerdet offentlege
- Teknisk bakgrunn innan elektro, automasjon eller elkraft
- God HMS og risikoforståing
- Du har gode samarbeidsevner, skaper resultat, er sjølvstendig og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Trygg jobb i ei solid bedrift i vekst. Du blir del av eit sterkt fleirfagleg miljø
- Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
- Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Fast 100% stilling
- Arbeidsstad: Frekhaug, men kan kombinerast med andre lokasjonar
- Reiseverksemd må påreknast
Velkommen som søkjar til i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.
Om arbeidsgiveren
Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har eit stort fagmiljø på elektro og automasjon med avdelingar på Frekhaug, Mongstad, Østerbø og Sløvåg som kvar dag jobbar med å levere litande løysingar til kundane våre. Vi er ein del av Østerbø Gruppa. Velkommen med på laget!
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Mjåtveitflaten 45, 5918 Frekhaug
- Bransje: Elektronikk, Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Elektroingeniør, Kvalitetssikring, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleder, elektro, automasjon, berekning, ingeniør
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 350920589
- Sist endret