Nestleder
Vinmonopolet
- Frist 31.05.2024
- Ansettelsesform Fast
Nestleder Førde
Nestleder
Nestleiar
Vi har ledig stilling for ein som vil være med å ta ansvar for leiinga av vår butikk. Tenesta er for tida i Førde. Vi leitar etter ein dyktig person som har leiarerfaring, aller helst frå butikk. Det er viktig at du kan motivere og få det beste ut av medarbeidarane i butikken i ein travel kvardag. I tillegg legg vi vekt på gode samarbeidsevner, og at du er sjølvstendig og har god vurderingsevne.
Det er ein fordel om du har økonomisk utdanning ut over treårig vidaregåande skule.
Dine hovudoppgåver vil være:
- Bistå butikksjefen slik at butikken oppnår fastsette måltal.
- Kompetanse- og ferdigheitsutvikling som omfattar obligatorisk opplæring og deltaking på vareprøvingar slik at Vinmonopolet står fram som landets leiande faghandelskjede.
- Kvalitetsutvikling i butikken gjennom å rette seg etter bedrifta sine retningslinjer innanfor HMS og Inkluderande arbeidsliv.
- Administrative funksjonar som omfattar gjennomføring av dei til einkvar tid gjeldande retningslinjer for drift av Vinmonopolet sine butikkar. Utføre administrative funksjoner som vert pålagt av butikksjef.
- Nestleiar har ansvaret for drifta dersom butikksjefen er fråverande.
Vi tilbyr
I Vinmonopolet vil du få høve til å gjøre ein viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte og kompetente kollegaer i ei av dei best likte verksemdene i Noreg. Hos oss får du høve til god varefagleg utvikling i svært godt arbeidsmiljø. Du vil også få tilgang til gode pensjons- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse.
I vår organisasjon er det eit mål å oppnå en balansert samansetning i høve til alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.
Les meir om personvern i Vinmonopolet her: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)
Kontakt butikksjef Sølvi Grimsbø på telefon 959 79 271 om du vil høyre meir om stillinga.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.
Søknadsfrist: 31.05.24
Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.
Om arbeidsgiveren
Dette gjer vi gjennom kundemøte prega av fagkunnskap, god service og ansvarskjensle. I tillegg vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å gjere Vinmonopolet til ei føregangsverksemd på berekraft. Vi skal vere rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Handelshuset, Naustdalsv. 4, 6800 Førde
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt
- FINN-kode 352483777
- Sist endret