![Sparebanken Sogn og Fjordane logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/1696428985/14_-961673893_medium_321169292023358388.png)
Avtaleansvarleg IKT
Sparebanken Sogn og Fjordane
- Frist 09.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du kompetanse innan teknologi, økonomi og juridiske spørsmål?
Har du kompetanse innan teknologi, økonomi og juridiske spørsmål? Då er du den vi er på jakt etter til stillinga som avtaleansvarleg innan IKT i banken.
Som avtaleansvarleg vil du vere ein viktig bidragsytar i leverandørstyringa til banken, inngåing av nye avtalar og vere eit kontaktpunkt mellom banken og relevante myndigheiter. Om du trivast med å jobbe både strategisk og langsiktig, samtidig som du er operativt ansvarleg for avtaleinngåing og oppfølging er dette jobben for deg.
Du vil inngå i teamet som er ansvarleg for leverandøroppfølging og implementering av nye system, tenester og produkt. Der vil du få ei viktig rolle i å støtte teamet for å sikre at banken har dei beste kommersielle vilkåra i avtalene og følgje opp at leverandørane leverer i tråd med dette. Du vil også vere ein sentral rådgjevar når banken skal tilpasse seg nye lovverk og du vil sikre at regel- og forskriftsendringar blir implementert i leverandøravtalar der det er relevant. Stillinga rapporterer til teknologidirektør.
Dine arbeidsoppgåver
- Forhandle, utarbeide og forvalte avtalar knytt til IKT-leverandørar, inkludert merkantile avtalevilkår og sikring av banken sine interesser i avtaleverk
- For den rette kandidaten kan stillinga innehalde ansvar for utarbeiding av banken sin IKT-strategi og deltaking i strategisk samarbeid
- Strategisk oppfølging av banken sine viktigaste leverandørar
- Rådgje og følgje opp at banken tilpassar seg lovendringar og regelverk som treff avtaleverket knytt til banken sine IKT-leverandørar
- Ansvaret for dialog, rapportering og meldingar til relevante myndigheiter
- Rådgje og gje føringar til leverandøransvarleg, leveranseansvarleg, systemeigarar og superbrukarar
- Bistå i arbeidet med utkontraktering og overordna oppfølging av utkontrakterte tenester i samarbeid med leverandøransvarleg
Dine kvalifikasjonar
- Relevant bachelor eller masterutdanning innan juss, økonomi eller teknologi
- Erfaring frå tilsvarande stilling eller arbeid
- God økonomi- og avtaleforståing
- Kjennskap til relevant lovverk
Dine personlege eigenskapar
- Strukturert og analytisk
- Sterke kommunikasjons- og forhandlingsevner
- Gode samarbeidsevner, men arbeider også godt sjølvstendig
- Vilje til å halde deg fagleg oppdatert
- Strategisk og med gjennomføringskraft
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Dersom dette høyrast interessant ut, eller du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med fungerande teknologidirektør Jill Aasen Hole, tlf. 90526642. Vi gler oss til å høyre frå deg.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet, og har nær 50 % av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 millardar kroner, og nær 290 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
- Sektor: Privat
- Sted: Langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Annet
Nøkkelord
IKT, teknologi, juridisk
- FINN-kode 353175321
- Sist endret