100% fast stilling som kontaktlærar ved Halhjem barneskule
Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule
- Frist 29.05.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid. ArbeidsstadHalhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og like ved 600-busslinja til Bergen. Skulen har elevar på 1.-4.trinn, og har i dag 107 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar. Vi ligg like ved Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark, SPV-arena etc. Skulen ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Vårt arbeid er forankra i visjonen vår: «Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning, i tillegg til dette har vi FAL, fysisk aktiv læring, sentralt i vårt utviklingsarbeid og virke. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus. ArbeidsstadHalhjem barneskule ArbeidsoppgåverKontaktlæraransvar på 4.trinn. Det er 30 elevar på trinnet. Det er to kontaktlærarar på alle trinn. KvalifikasjonarGodkjent GLU 1.-7.trinn frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. EigenskaparVi ønsker erfaring med begynnaropplæring i norsk, matematikk og engelsk. Fint om søkar har kompetanse/interesse/erfaring med uteskule/friluftsliv. Ønskeleg med kvalifikasjonar innan praktisk-estetiske fag som musikk og kunst- og handverk. Vi ser etter ein tydeleg, pliktoppfyllande og engasjert klasseleiar og rollemodell. Ein pedagog som er aktiv i utviklingsarbeid, samt ein medarbeidar som bidrar til eit best mogeleg skule- og arbeidsmiljø for elevar og kollegiet. Vi treng medarbeidarar som også:
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er kreativ og kan bruke alternative læringsarena (uteskule) og gjerne har kjennskap til FAL
- kan ha symjeundervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegiet.
Søkarane vil bli vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande. Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring- Løn etter gjeldande avtalar- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Halhjemsmarka 50, 5208 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer, Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk / Faglærer(IT, idrett, kunst)
Nøkkelord
Lærar, Lektor, Undervisning, Kontaktlærer, Kontaktlærar
- FINN-kode 353186467
- Sist endret