Avdelingsleiar
Bufetat
- Frist 2.6.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Bufetat, region vest, har ledig ein fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved Sandnes Ungdomssenter, avdeling Minde 2.
Arbeidstid på dagtid (fleksitid). Oppstart etter avtale.
Sandnes ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes kommune. Eininga ligg flott til i eit triveleg nabolag, og har nydeleg utsikt utover Sandnes og Stavanger. Me er ein omsorgsinstitusjon med to avdelingar og 8 plassar. Minde 1er for barn mellom 8 og 13 år, mens Minde 2 er for ungdom mellom 13 og 18 år. Det er 4 plassar på kvar avdeling. Begge avdelingane har eigne avdelingsleiarar.
Ved Sandnes ungdomssenter har me det siste året hatt ein spennande utvikling kor me har forsterka eininga vår med bemanning og kompetanse. Me har i denne prosessen implementert ny fagmodell: Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen bygg på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). Avdelingane har eigne fagansvarlege miljøterapeutar som følgjer opp modellen i det daglege.
Stillinga inneber at du må ha kompetanse på både barnevern og leiing som fagområde. Du må ha erfaring frå døgndrift.
Du vil bli utfordrapå å levere godt innafor oppdraget, samstundes som det forventastat du er ein pådrivar og sentral bidragsytar med tanke på å utvikle organisasjonen i tråd med kvalitetskrav i eit kunnskapsbasert perspektiv.
Fordi du skal sette retning for avdelinga må du ha evne til å engasjere og motivere, parallelt med at du er både lyttande og handlekraftig.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for avdelinga, herunder planlegge og sikre effektiv turnusdrift gjennom året.
- Fag- og personaloppfølging, samt ansvar for internkontroll.
- Leie, motivere og følgje opp dei tilsette.
- Sikre at avdelinga vert drifta innafor dei administrative og økonomiske rammane, og rapportere i tråd med dette.
- Følgje opp faglege føringar og sikre det i nedfelte rutinar og praksis.
- Leia tiltaket sitt omsorgs- og utviklingsarbeid knytt til Traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen.
- Sikre godt arbeidsmiljø saman med dei tilsette.
- Kvalitetssikring av drift og arbeidsprosessar.
- Sikre godt samarbeid internt og eksternt, blant anna med med familie, nettverk, kommune, skule og andre viktige instansar.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:
- Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast.
- Relevant leiarerfaring, gjerne innan offentleg sektor samt institusjonsdrift.
- Erfaring med personaloppfølging.
- Meget god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IKT ferdigheiter, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- Førarkort for bil.
Det er ønskjeleg med:
- Relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng eller master.
- Erfaring frå kommunalt barnevern.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og omstilling.
- Du står støtt når naudsynte endringar skal gjennomførast.
- Engasjera og motivera medarbeidarar til kunnskapsbasert arbeid.
- Positiv innstilling og løysingsorientert.
- Analytiske ferdigheitar og evne til refleksjon.
- Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
- Du er robust i ein tidvis kompleks, travel og krevjande arbeidskvardag.
- Personleg eignaheit vert tillagt vekt.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 667 700 - 745 000 pr. år. (ltr. 68-74).
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Ein spanande arbeidsstad, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
- Leiing av avdelinga vil være i nært samarbeid med senteret sin leiargruppe.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
- Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
- Godt tverrfagleg miljø.
Informasjon til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar, nyttar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sandnes Ungdomssenter, avd. Minde 2.
- Politiattest må fremleggast ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, og tas med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mindeveien 8, 4327 Sandnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 353305987
- Sist endret