Fagstilling med stedfortrederfunksjon for sjukepleiar eller vernepleiar
Helse Bergen
- Frist 09.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagstilling med stedfortrederfunksjon for sjukepleiar eller vernepleiar
Helse Bergen har starta eit prøveprosjekt for Heroinassistert behandling (HAB). Prøveprosjektet er lagt til Avdeling for Rusmedisin, seksjon LAR og er implementert som ein utviding av eksisterande tilbod i LAR. Prøveprosjektet følgast med forsking.
HAB har ledig fagstilling med stedfortrederfunksjon. Vi søker sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innanfor psykisk helse og/eller rus og avhengigheit. Arbeidstid vil i hovudsak vere dagtid men noko arbeid på helg må kunne påreknast. HAB flyttar til nye lokaler i Engenhuset november 2024.
HAB er målretta tiltak for «hard to treat» målgruppa med ein alvorleg opioiddominert ruslidelse, og kor standard forløpet i LAR eller andre mindre intensive behandlingsformer ikkje har gitt tilfredsstillande stabiliserande effekt. Ein stor andel av pasientane har komplekse psykososiale og helserelaterte utfordringar. For å yte effektiv, målretta og profesjonell hjelp til pasientane blir det tilsett både helse- og sosialfagleg personalet.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein fagleg pådrivar og ressursperson innanfor prøveprosjektet
- Legge til rette for eit godt klinisk undervisningsmiljø, rettleie og støtte i behandlargruppa (sjukepleiarar og vernepleiarar)
- Bidra i utarbeiding og vedlikehald av prosedyrar og pasientinformasjon
- Opplæring nye tilsette
- Fordele oppgåver i sjukepleie- /vernepleiegruppa knytta til ulike ansvarsområde
- Følge opp forbetringssystem
- Bidra til fagleg refleksjon og debatt i poliklinikken
- Organisere internundervisning, fordeling av fagdagar og fordjupingsdagar
- Organisere besøk/hospitering
- Fordeling av studentar
- Forsking
- Bidra i einingas daglege drift ved behov
Stedfortreder for leiar:
- Dag til dag drift
- Inntak/vurdere tilvisingar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar og vidareutdanning innanfor psykisk helse og/eller rus og avhengigheit
- Erfaring frå arbeid med pasientgruppa
- God kjennskap til samarbeidspartnarar og andre tenestetilbod til pasientgruppa
Personlege eigenskapar
- Vi søker ein medartbeidar som er interessert i fagfeltet og vil vere med på å utvikle denne behandlingsmetoden i Noreg
- Evne til å bidra og leie i eit tverrfagleg arbeidsmiljø og i å vidareutvikle fagfeltet
- Evne til å leie og rettleie
- Personleg egnethet blir lagt vekt på
- Søkar må ha særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Spennande arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer
- Bidra til å utvikle HAB vidare
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nye Sandviksveien 84, 5032 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fagstilling med stedfortrederfunksjon, rusmedisin, sykepleier med videreutdanning, rusmedisin, vernepleier med videreutdanning, rusmedisin, Heroinassistert behandling, HAB
- FINN-kode 354755295
- Sist endret