Jormorfagleg praksisrettleiar i kombinasjon med klinisk arbeid
Helse Bergen
- Frist 12.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Jordmorfagleg praksisrettleiar i kombinasjon med klinisk arbeid
Kvinneklinikken i Bergen (KKB) søker, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL) etter jordmor i 50% stilling som jordmorfagleg praksisrettleiar (kombinert stilling). Stillinga som praksisrettleiar føreset klinisk arbeid i minimum 50% ved KKB.
Vi søker etter jordmor med minimum 5 år med klinisk erfaring. Du er strukturert, sjølvstendig og ein god teamarbeidar. Du trivst i eit aktivt miljø i utvikling og endring og ønskjer å bidra i eit spennande arbeid med engasjerte kollegaer.
Som praksisrettleiar arbeider du med planlegging, oppfølging og godkjenning av jordmorstudentane sine praksisperiodar på KKB. Innhaldet i stillinga blir definert i eit samarbeid mellom KKB og HVL. Praksisrettleiarane vil samarbeide tett med kvarandre, og med begge institusjonane om oppgåva.
Om Kvinneklinikken i Bergen
I stillinga inngår klinisk arbeid ved Fødeavdelinga på KKB, som jordmor med arbeid kvar 3. helg (tredelt turnus). Fødeavdelinga ved KKB er ei av dei største føde- og barseleiningane i Noreg, og har om lag 4200 fødslar i året. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omegn tar vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile vestlandsregionen. Les meir om oss: Fødeavdelinga - Helse Bergen (helse-bergen.no)
Om Høgskulen på Vestlandet/ jordmorutdanninga
Master i jordmorfag ved HVL er ei av landets 6 jordmorutdanninger og blir driven frå Campus Bergen. Utdanninga er 2 årig, og praksisstudiar er ein integrert del av studiet. Kvaliteten i utdanninga blir sikra gjennom samarbeid mellom utdanninga og praksisfeltet. Dei praktiske studiene går føre seg innan svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorg, samt også ved poliklinikkar og ved nyføddavdeling. Jordmorutdanninga ved HVL startar med ny studieplan hausten 2024 basert på nasjonale retningsliner, og vidareutvikling av praksisstudiene inngår i dette.
Arbeidsoppgåver
Praksisrettleiar vil, i samarbeid med HVL og KKB, mellom anna ha ansvar for:
- å planlegge praksis for jordmorstudentar
- individuell oppfølging, rettleiing og undervisning av jordmorstudentar i praksis
- simuleringstrening/praktiske øvingar; planlegging og gjennomføring
- å bidra til å utvikle nye læringsmodellar
- å planlegge og delta ved gjennomføring av evaluering av studentane
- oppfølging, rettleiing og støtte til kontaktjordmødrer
- å delta på samarbeidsmøte med HVL
Kvalifikasjonar
- Jordmorutdanning med norsk autorisasjon
- Mastergrad
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå
Ønskte kvalifikasjonar:
- Rettleiingskompetanse
- Pedagogisk kompetanse og erfaring med varierte undervisningsformer/pedagogisk utviklingsarbeid
- Kompetanse innan simulering
- Erfaring frå forbetringsarbeid/prosjektarbeid/leiing
Personlege eigenskapar
- Engasjert og fleksibel
- Gode kommunikasjons-, formidlings - og samarbeidsevner
- Trivst i eit aktivt miljø
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Sykepleier / Jordmor, Helsepersonell, Undervisning og pedagogikk / Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Jormorfagleg praksisveileder, kvinneklinikken, Jordmor, kvinneklinikken, veileder i kombinasjon med klinisk arbeid, sykehus
- FINN-kode 354791227
- Sist endret