SJÅFØR KRANBIL – KLASSE CE – 100% FAST STILLING
Retura Søre Sunnmøre AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
SJÅFØR KRANBIL – KLASSE CE – 100% FAST STILLING
Vi søker etter sjøfør til kranbil som kan vise til erfaring med tilsvarande oppdrag.
Det er ønskeleg at du kjenner området Søre Sunnmøre og omega godt og at du er ein relasjonsbyggar. Det kan vere fordel å kjenne avfallsbransjen, men dette er ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har vilje til å lære, og at du viser interesse for å setje deg inn i oppgåvene og dei krav og reglar som gjelder.
Sjåførane er vårt viktigaste ansikt utetter, og skal vere gode ambassadørar for vår organisasjon og Retura som heilskap.
Sjåfør har som hovudoppgåve å betene våre næring- og privatkundar med kran- og transport av gods og avfall på Sunnmøre og omega. Innimellom kan det også vere aktuelt med transportoppdrag utanfor dette området. Kundeoppfølging, service og sal både på veg og hos kunde følgjer med. Ved behov vil du kunne settast til arbeid ved andre bilar og oppgåver i bedrifta, ut frå dei til ei kvar tid naudsynte behov som oppstår.
Kvalifikasjonar:
- God norsk framstillingsevne (munnleg og skriftleg)
- Kan kommunisere på engelsk
- Førarkort klasse C og CE
- Kranførarbevis G8
- Oppdatert kompetansebevis for yrkessjåfør (YSK)
- Oppdatert på lover og forskrifter for yrkessjåførar
- Ynskjeleg med ADR – men ikkje eit krav, men må takast i bedrifta
- Gjerne G11, M2, M4, T4
- Fortruleg med bruk av APP’er på telefon og nettbrett
- Kunne legge fram relevant generell vandelsattest (før/ved tilsettjing)
Personlege eigenskapar:
- Ærleg, strukturert, engasjert og positiv innstilling
- Løysingsorientert og fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Evne til relasjonsbygging
- Evne til å løyse utfordringar
- Servicevenleg og kundeorientert
- Taklar ein hektisk kvardag med raske omstillingar
Kva vil du som sjåfør få av oppgåver?
- Spennande arbeidsoppgåver i ei bransje med viktige samfunnsoppgåver
- Deltaking i farleg avfallshandtering
- Transport og kranoppgåver
- Andre sjåføroppgåver
- Rapportere og registrere i våre datasystem etter gjeldande rutinar og instruksar
- Halde bilar og utstyr i orden
- Kundekontakt
- Fokus på sikkerheit og følge gjeldande HMS-regelverk og kvalitetskrav
- Andre oppgåver i bedrifta etter behov
Vi tilbyr:
- Ordnande vilkår i form av løn og pensjonsvilkår
- Kurs og kompetanseheving
- Fagleg og personleg utvikling
- Trimrom til fri bruk
- Opplæring
- Ordna løn- og pensjonsvilkår
Høyrast dette ut som deg?
Dersom dette er spennande for deg, så ser vi fram til å få oversendt din søknad med CV!
Søknad sendast via Finn.no! - IKKJE PR. E-POST
Søknadsfrist er snarast og seinast innan utgongen av 30.06.2024.
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Alle søknadar og anna kontakt blir handsama konfidensielt.
Ta kontakt med dagleg leiar Øyvind Amdam på mobil 973 38 122 dersom du har spørsmål til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Retura Søre Sunnmøre AS (RSS) tilbyr eit totalprodukt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving. RSS vart skipa i 2004, og er eit franchiseselskap i Retura Norge. RSS held til i Hovdebygda i Ørsta, har 12 fast tilsette, og er i tillegg lærling bedrift. Gjennom vårt forretningskonsept gjer vi vegen mellom kunde og selskapet kort. RSS dekker hovudsakleg kommunane på Søre Sunnmøre, men har òg samarbeid med Retura-avdelingar utanfor kjerneområdet. I ei tid der berekraftig utvikling, klima og miljø er sentralt, er RSS ein viktig samarbeidspartnar for det lokale næringsliv og det offentlege til å nå viktige mål. Omsetninga har auka jamt siste åra og vi opplever å ha trufaste kundar som ser at vi er ein føretrekt leverandør av avfall- og transporttenester. RSS har konsesjon for mottak av ordinært- og farleg avfall og vi er miljø- og kvalitetssertifisert i samsvar med ISO NS-EN 14001 og ISO NS-EN 9001.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Torvmyrane 29, 6160 Hovdebygda
- Bransje: Bygg og anlegg, Renovasjon og renhold, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kranbil, Kranbilsjåfør, Transport, Renovasjon, Avfall
Annonseinformasjon
- FINN-kode 354957104
- Sist endret