Produksjonsmedarbeidar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 13.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukehusapoteket i Bergen søkjer produksjonsmedarbeidar
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
Sjukehusapoteket i Bergen leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Bergen, og er eit av landets største apotek med omlag 135 tilsette. Sjukehusapoteket har fem avdelingar innan forretningsområda publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester.
Produksjonsavdelinga har auka oppdragsmengde og omfattande produksjonsverksemd og vi søkjer etter produksjonsmedarbeidarar til faste stillingar. Avdelinga er delt i to seksjonar, cytostatika (CYT) og steril/ikkje steril produksjon (SIP). Kvar seksjon består av omlag 25 medarbeidarar. Vi produserar mellom anna cytostatikakurar til pasientar i Helse Bergen og sterile produkt som total parenteral ernæring (TPN), smerteblandingar og andre aseptisk framstilte legemiddel. Vi produserar også ikkje-sterile legemiddel som miksturar, kasplar og dosepulvar.
Våre nye kollagar bør trivs med produksjonsarbeid i og utanfor isolatorar i ein travel avdeling med høgt volum, og kan finne seg til rette som del av eit større fagmiljø.
For å sørgje for fagleg utvikling hjå våre medarbeidarar og ivareta apotekets heilhetlege behov kan stillingane etterkvart bli delt mellom fleire avdelingar. Det kan bli aktuelt å tilsette i fleire stillingar.
Arbeidsoppgåver
- produksjon av cytostatika til pasientar i Helse Bergen
- produksjon av total parenteral ernæring (TPN), smerteblandingar og andre tilsetningar
- framstilling av ikkje-sterile legemiddel som mikstur, kapslar og dosepulver til den enkelte bestilling
- førebuing til og dokumentasjon av framstilling
- ordrehåndtering og pakking til forsendelse
- det kan på sikt bli aktuelt å inngå i vaktordning for apoteket
Andre oppgåver relatert til logistikk, vedlikehald og/eller validering kan og bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
- du har norsk autorisasjon som apotekteknikar, anna relevant utdanning innan laboratoriefag eller helsefag kan bli vurdert
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- gode IKT-kunnskapar og forståing for digitale system
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, serviceinnstilit, ansvarsbevisst og samarbeider godt med andre.
- Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet.
- Du trivs i eit hektisk miljø og taklar stressande periodar.
- Du arbeidar sjølvstendig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillingane.
Vi tilbyr
- Naudsynt opplæring
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel, Helse og omsorg, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Apotektekniker, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
farmasi, legemiddel, produksjon, apotek, laboratorie
- FINN-kode 355067675
- Sist endret