Driftsingeniør
Lysna AS
- Frist 14.7.2024
- Ansettelsesform Fast
Bli med å byggja framtidas straumnett
Med elektrifiseringa samfunnet står ovanfor i åra som kjem, er det avgjerande å sikra eit driftssikkert straumnett. Ønskjer du å vera med på å forma framtidas energiløysingar? Lysna AS, lokalisert i Eikelandsosen, søkjer dyktig driftsingeniør som vil bidra til sikker og påliteleg drift av straumnettet vårt. Me ser etter ein dedikert fagperson med fokus på kvalitet.
Arbeidsoppgåver
Som driftsingeniør i Lysna AS vil du vera ein sentral del av nettdrifta og delta i planlegging og drift av vårt distribusjonsnett. Nettet vårt består av ein kombinasjon av kablar, sjøkablar og luftlinjer, som sikrar god forsyningssikkerheit, fleksibilitet ved feilsituasjonar og forenklar omkoplingar ved arbeid i nettet. Forbruket består av bustadområde, næringskundar, store industriaktørar og ladeanlegg til ferje, som skapar varierande belastning i nettet.
Dine hovudansvarsområde vil inkludera:
• Teknisk ansvar for måling og avrekning
• Planlegging og utvikling av nettet for å oppnå god leveringskvalitet
• Ansvar for Det Lokale Eltilsyn (tilsynsoppgåver blir utført av ekstern leverandør)
• Deltaking i beredskapsarbeid og beredskapsvakt-ordning etter opplæring
Lysna AS har nyleg innført fleire nye og moderne IT-system, og du vil ha moglegheit til å påverka vidare utvikling og bruk av desse systema. Me er open for å sjå på alternative metodar og nye teknologiar for å produsera og lagra energi lokalt. Dette kan redusera nødvendige tiltak i distribusjonsnettet og samtidig gje nødvendig forsyningssikkerheit. Basert på din kompetanse, erfaring og interesse, vil me diskutera di rolle, ansvarsområde og personleg utvikling nærare, med moglegheit for utvida ansvarsområde og personalansvar.
Kvalifikasjonar
• Bachelorgrad eller master innan elkraft, elektrofag. Eventuelt teknisk fagskule i kombinasjon med fagbrev
• Elektroinstallatør, eller kompetanse til å ta denne utdanninga er ønskjeleg
• God systemforståing
• Førarkort klasse B
• God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
Me tilbyr
• Ei sjølvstendig stilling med store moglegheiter for påverknad
• Ei nøkkelrolle i ei lita bedrift der du verkeleg kan vere med å forme vegen vidare
• Gode løns- og arbeidsvilkår
Ønskjer du å vere med på å forme framtidas energiløysingar og sikre stabil straumforsyning? Då er Lysna AS staden for deg!
Me ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Lysna AS er nettselskapet til Fusa kraftlag SA. Lysna sitt nettområde finn du i gamle Fusa kommune, frå Holmefjord i nord til Lukksund i sør. Lysna AS eig, driftar og vedlikeheld straumnettet. Kontoret vårt ligg i Eikelandsosen.
Straumnettet omfattar både høgspentlinjer som overfører straumen, og lågspenningsnett som fordelar straumen til kvar kunde. Fusa Kraftlag SA vart etablert i 1946 og har sidan den gang sørga for distribusjon av straum til private og verksemder i Fusabygdene.
- Sektor: Privat
- Sted: Stallabrotvegen 119, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ingeniør, elektro, elkraft, elektrofag, strømnett
Annonseinformasjon
- FINN-kode 355729787
- Sist endret