Applikasjonsspesialist
Helse Vest IKT
- Frist 18.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Applikasjonsspesialist
Brenn du for å bidra til ei betre og forenkla pasientbehandling? Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Ønsker du å jobbe innan ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med moglegheit til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen?
Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
Helse Vest IKT forvaltar kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest, alt frå store, komplekse og regionale system til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Vi forvaltar og utviklar òg i aukande grad IT-løysingar som er bindeledd mellom sjukehus og pasient/innbyggjar, og IMATIS er ein av desse. Løysinga gir medarbeidarane og pasientar betre oversikt, lett tilgjengeleg informasjon og god arbeidsflyt. Vi treng no fleire medarbeidarar til forbetring bredding av løysinga. Som applikasjonsspesialist gjer du den viktige jobben med å tilpasse løysinga til behovet på sjukehuset, slik at den gir størst mogleg nytte for medarbeidarane og for pasientar.
Arbeidsstad: Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde
Arbeidsoppgåver
- Tilpasse løysingar til sjukehusa i Helse Vest
- Samarbeide med systemansvarlige i føretaka, hjelpe med optimal bruk og kontinuerlig forbetring av løysingar
- Bidra i innføring av løysinga til nye einingar i helseføretaka
- Handtering av endringsønskjer og feil som oppstår
- Bidra til å effektivisere måten vi arbeider med løysinga, for eksempel gjennom automatisering av manuelle rutiner og testing
- Bidra til høg kvalitet gjennom god test av nye programoppdateringar før produksjonssetjing
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/eller helsefagleg utdanning
- God systemforståing/IT-teknisk forståing
- Erfaring med smidige utviklingsrammeverk som scrum eller Kanban er ein fordel
- Kjennskap til arbeidsprosessar i sjukehus og helsesektoren ellers tel positivt
- Må kunne kommunisere skriftleg og munnleg på norsk.
Personlege eigenskapar
- Gode relasjonelle ferdigheiter. Du evner å ta andre sitt perspektiv og forstå deira behov, samtidig som du gir klare tilbakemeldingar i situasjonar som krev det.
- Du trivest godt med å arbeid i team, men har ikkje problem med å ta ansvar og gjere eigne avgjerder når det er nødvendig.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Du ser verdien av deling av kunnskapen og erfaringa di med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar.
- Nysgjerrig, du er ikkje redd for å spørje for å få betre forståing
- Strukturert, systematisk og med blikk for detaljar. Du veit at detaljane er viktige for god kvalitet, samtidig som du har oversikt over heilskapen.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å medverke i forminga av IKT–løysingar for framtidas helsevesen
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, deltaking i brukarforum, og i større og mindre prosjekt
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit
- Løn etter avtale
- Medlemsskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
Vi elskar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, IT, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Design / Interaksjonsdesign, IT drift og vedlikehold / IT-support, IT utvikling / Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Applikasjonsspesialist, Helselogistikk, Konfigurator, Produktspesialist, IT-konsulent
- FINN-kode 356790644
- Sist endret