![Palfinger Marine Safety AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/11/0/360/803/270_2a336586-e837-4c2d-ab17-75e8d48078da.jpg)
![Kvinnherad kommune Sektor teknikk og miljø logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/6/vertical-0/14/9/357/196/249_231dd5c3-9311-42be-ad92-7083e23a391b.png)
Einingingsleiar Brann og redning
Kvinnherad kommune Sektor teknikk og miljø
- Frist 07.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Einingingsleiar Brann og redning
Vi søkjer leiar for Brann og redning. Du må ha leiareigenskapar og evne til å forstå og handla i tråd med brann- og redningstenesta sine behov og mål.
Omtale av stillinga
Som leiar for eininga vil du få ei rekkje spennande leiarutfordringar både på strategisk og operativt nivå, du får høve til å leie eit fagleg sterkt miljø, samarbeida på tvers av naudetatar og ikkje minst vere med å skapa eit brannvesen med stoltheit og tryggleik for kommunen sine innbyggjarar.
Stillinga har fagansvar, personalansvar og økonomisk ansvar for heile eininga. Ansvaret omfattar administrasjon og leiing av beredskapsarbeid og førebyggande arbeid. I tillegg til primæroppgåvene i Brann- og eksplosjonsvernloven § 11, har Brann og Redning ansvaret for beredskap ved akutt forureining. Leiar for brann og redning deltek i kommunal kriseleiing. Leiar inngår også i overordna vaktordning. Det er krav om bustad i kommunen for å ivareta krava til oppmøtetid. Dette er i tråd med vedteken brannordning.
Oppmøteplass vil vera Husnes brannstasjon.
Kvalifikasjonar - Fagleg og personleg:
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule-/ universitet-/ ingeniørutdanning og kompetanse etter "Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralene" § 45.
- Leiarerfaring
- Leiing trinn D kurs i overordna vaktberedskap og innsatsleiing eller forplikta deg til å gjennomføra dette etter tilsetjing
- Leiing trinn E Enhetlig Ledelses System
- Sertifikat kl. B samt kode-160. Har du ikkje kode-160, må du forplikte deg til å gjennomføre kurs etter tilsetjing. Det er ønskjeleg med sertifikat klasse C.
- Ynskjeleg med kunnskap om samband og IKT-utstyr
- Du må ha gyldig helseattest.
- Det er krav om prikkfri vandel, og du må leggja fram politiattest før du kan tiltre stillinga i Kvinnherad kommune. Slikt krav er i medhald av Brann- og eksplosjonsloven § 18. Det er også krav om at du blir/er sikkerheitsklarert på nødvendig nivå.
Sentrale oppgåver:
- Ansvar for å utarbeida og utvikla lokalt og overordna planverk
- Sikra HMT for eininga sine tilsette gjennom systematisering, dokumentasjon og forsvarleg orden
- Overordna fag- og personalleiar for tilsette i eininga
- Leggja til rette for kompetanseheving og personleg utvikling for tilsette
- Overordna ansvar for førebyggjande og beredskaps avdeling.
- Budsjettarbeid, oppfølging av økonomi og tilsette ressursar.
Vi ser etter deg som er/har:
- løysingsorientert og legg til rette for god samhandling og ressursutnytting i eininga.
- er strukturert og tydleg, har gjennomføringsevne og gode kommunikasjon- evne
- gode digitale ferdigheiter og erfaring med PC som arbeidsverktøy
- gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- har erfaring frå brannvern, samfunnstryggleik, forsvaret, politietaten eller anna operativ verksemd
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Det er ønskjeleg at søkjar opplyser om referansar som kan kontaktast.
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver som vil bli løyst i samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt kompetansemiljø.
- Lønn etter kvalifikasjonar og avtale.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-bedrift.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknaden vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attestar tek ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verta offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jfr. Offentleglova §25. Du vil verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Søknadsfrist: 7. august 2024
Kontaktperson:
Sigbjørn Øye, sektorleiar Teknikk og miljø,
tlf:915 31 482,
e-post:
Om arbeidsgiveren
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bogsnesvegen 16, 5460 Husnes
- Bransje: Politi og sikkerhet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Brannvern
Nøkkelord
Brannsjef, Leiar, Førebyggjande, Beredskap, forebyggende
- FINN-kode 357196249
- Sist endret
Lignende annonser
![Palfinger Marine Safety AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/11/0/360/803/270_2a336586-e837-4c2d-ab17-75e8d48078da.jpg)
![Vireo logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/07/4/364/539/744_bfff9315-eff3-4a0f-8e25-6e8c14e59209.jpg)
![Vireo logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/07/1/364/535/901_51924bbf-3917-4050-ac1b-56d3b9ad8594.jpg)
![Cubus logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/0/cubus_99290.png)
![Statkraft Energi AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/11/4/360/834/704_e77c67ab-5a0c-4235-a9b4-0674415e6825.jpg)
![Multi Solutions AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/30/5/363/342/065_407d6e1d-4b08-45d6-8e03-650cbff51f00.png)
![Haugesund kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/7/360/950/977_dbda8184-40b2-4d08-9a34-ba1effe9c26b.png)
![Adecco Norge logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/08/6/360/419/726_601ad981-3d16-40f2-b60f-19515e8d2d24.png)
![Ullensvang kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/12/0/360/952/960_e1bc0d35-f5eb-4f0e-93c9-fcd1fcec2c13.png)
![Tromsø Havn Kf logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/12/4/365/470/724_2e3751ba-8702-45c0-a69a-ec496cd70465.jpg)