Sjukepleiar 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Frist 16.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar 100 % fast
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar?Då kan du vera den rette for oss!
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidere. Vårt mål er at alle brukere skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart.Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeider og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
Vi har ledig fast 100% stilling ved Heimetenester Os. Det første året vil stillinga vere i Avd. 2 grunna foreldrepermisjon hos ein av våre tilsette. Deretter ved Ressursbemanningsavdelinga der ein må jobbe ved ulike avdelingar. Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.
Arbeidsstad
Heimetenester Os
Arbeidsoppgåver
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
- Førarkort kl. B.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
- Evne til å møte andre på ein respektfull måte -brukaren sin heim er vår arbeidsplass
- Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Holen 1, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
Nøkkelord
Sykepleier, Hjemmetjeneste, Ressursbemanning
- FINN-kode 357207615
- Sist endret