Leiar Hytteservice
Norway's best AS
- Frist 16.7.2024
- Ansettelsesform Fast
Leiar for Hytteservice i Myrkdalen
Leiar for hytteservice og sjølvhushald - 100 % fast stilling i Norway’s best AS
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Myrkdalen Fjellandsby er i dag den mest omfattande skidestinasjonen på vestlandet og har eit stort etablert hyttefelt med nøkkelferdige hytter, leilegheiter og tomter til sals. Myrkdalen er plassen for dei som søkjer etter aktivitetar for heile familien, og heile året. Vinterstid er det skiglede som er i fokus og sommarstid byr Myrkdalen på varierte aktivitetar i kontrastfylte fjell- og fjordlandskap.
No er me på leit etter ein serviceinnstilt person som er genuint glad i folk og trivest med å skape gode opplevingar for våre hyttegjester. Dette er ei spennande stilling i ei nyetablert rolle, du vil ha stor innverknad i å utvikle stillinga og ha ei sentral rolle i vidareutviklinga av totaltilbodet til hyttegjestane våre.
Dine viktigaste oppgåver er å sørgja for at kvardagen til våre hytte- og sjølvhushald gjester er godt organiserte og lever opp til forventningane. Anten det gjeld tekniske tenester, vedlikehald av hytter, eller kommunikasjon og tilrettelegging av Norway's best sitt tilbodet.
Me trur du er ein person som har brukt mykje tid på ski og på tur i fjellet og har god forståing for kva behov dagens og morgondagens hyttegjester har. Du trivst i ei seljande rolle og blir motivert av utvikling og samarbeid.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde
- Administrerer kontraktar opp mot sjølveigarar og sameiger
- Oppsøkjande sal
- Koordinere vaktmeistertenester
- Bidra til vidareutvikling av avdelinga
- Bidra til utvikling av tenesteportefølje
- Bidra i budsjettprosessar
Du vil bli ein del av ei nyetablert avdeling i Norway's best som vil vera i utvikling den kommande tida. I dag vil jobben som leiar for hytteservice og sjølvhushald bli utført i hovudsak i reisemål Myrkdalen, men vil etter kvart kunna omfatta andre geografiske område. Derfor må nokon reising påreknast etterkvart. Nye ansvarsområde, som personalansvar, vil også kunna bli tillagt stillinga etter kvart som avdelinga utviklar seg.
Stillinga rapporterer til teknisk leiar i Norway’s best AS
Me søkjer deg som
- Har Førekort klasse B
- Har erfaring frå oppsøkande sal
- Har gode kommunikasjonsevner i Norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidseigenskapar
Kva me kan tilby
Ei spanande stilling i et ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Norges leiande reiselivsbedrifter, der me legg til rette for både personleg og fagleg utvikling. I Norway’s best er me opptatt av mangfald og inkludering, dette speglar seg i kulturen vår. Dei tilsette vågar å stille spørsmål, kan vere seg sjølve og blir sett og respektert for den dei er.
Nokre av våre gode:
- Konkurransedyktige vilkår
- Pensjons- og forsikringsordninga gjennom Nordea Liv og Gjensidige
- Rabatt og tilbod på Norway’s best sine produkt og aktivitetar
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsstad: Myrkdalen
Søknadsfrist: 19.07.2024
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Nøkkelord
Fjelldestinasjon, konseptutvikling, Reisemålsutvikling, Reiseliv
Sommer i heisen (1/5)
- FINN-kode 357622025
- Sist endret