Fotballtrener
Bremnes Idrettslag
- Frist 15.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Fotballavdelinga i Bremnes IL søkjer spelar- og trenarutviklar i 100% stilling
Ledig 100% stilling: Fotballavdelinga i Bremnes IL søkjer spelar- og trenarutviklar som skal leda an i det sportslege utviklingsarbeidet, bidra med trenarveiledning og skapa aktiviteter på feltet.
Me har en stor fotballavdeling med omkring 670 spelarar, trenarar og lagleiarar fordelt på 34 lag. Klubben har utarbeida ein sportsplan i tillegg til håndbøker og styringsdokumenter som skal sørga for ein meir klubbstyrt utvikling av fotballavdelinga. I dette arbeidet skal spelar- og trenarutvikler vera ei objektiv stemme som kan bidra med å omsetja planverket frå teori til praksis på feltet i et tett samarbeid med sportsleg utval, fotballstyret og øvrig adm.
Viktige ansvarsområder:
• Ca 25-30% av stillinga blir opp mot sponsorar og skaffe støtte til og gjennomføre ulike spelarutviklingstiltak i klubben
• Ansvar for å starta opp eit FFO tilbod etter skuletid. Ønske om erfaring frå slikt arbeid tidlegare. Administrera, planleggja og gjennomføra det sportslege opplegget på dette tiltaket.
• Sjå til at sportsplanen blir fulgt av laga, og at aktiviteten er av så god kvalitet som råd. Kunna leia ulike trenarforum og eventuelt øvrige samlingar i regi av klubben
• Vera ein trenarveileder for barne- og ungdomsfotballen, spesielt 10-13 år. Vere ein leiar for spelarflyt og hospitering mellom laga i klubben. Ha kontakt/dialog med samarbeidsklubbar og eksterne spelarutviklingstiltak for Bremnes gutar og jenter.
• På sikt kunne ha ekstra oppfylgjing/rolleøkter med eit utval spelarar i klubben på dei eldste ungdomslaga. «Ivrig trening» med yngre ungdomslag/eldste barnelag.
• Vere ein del av sportsleg utval i klubben og bruka den gruppa som hjelp til å utføra ulike aktivitetstilbod.
• Leggja til rette for nye aktivitetar i samråd med sportsleg utval.
• Komme med innspel sjølv, som kan skapa større aktivitetstilbod i klubben.
Kvalifikasjonskrav: Me søkjer en sosialt omgjengelig og fagleg sterk lagspelar som kan leia an i utviklingsarbeidet. Søkjaren bør ha relevant erfaring samt UEFA B-lisens og/ eller NFFs trenarveiledarkurs, eller ser for seg å gjennomføra eit eller begge kursa i nær framtid. Det er ein fordel med pedagogisk bakgrunn, men ikkje eit krav. Det er nødvendig med førarkort klasse B.
For å søkja på stillinga må du være glad i menneske og brenna for å gje barn og unge gode og positive opplevingar i idretten.
Vera god på kommunikasjon og ha gode samarbeidsevner.
Bidra til at klubben er klubbstyrt
Det er ei forutsetning at du har opphalds- og arbeidstillatelse i Norge og kan kommunisera på norsk eller er under språkopplæring for å beherske språket.
Engasjement: 100% stilling i fotballgruppa til Bremnes Idrettslag
Lønn: Stillinga lønnast etter avtale.
Oppstart: Me ynskjer at spelar- og trenerutviklar skal starte opp i stillinga i løpet av hausten
Søknadsfrist: Snarast og seinast 15.08.24
Kontakt: Spørsmål om stillinga og søknad kan sendast til dagleg leiar Torbjørn Agdestein på e-post dl@bremnesil.no
Om arbeidsgiveren
Fotballgruppa til Bremnes er den største avdelinga i idrettslaget med omlag 670 spelarar. trenarar og lagleiarar fordelt på 34 lag. Me har stolte fotballtradisjonar og mange lokale spelarar som har nådd langt i fotballverda. No har me vokse oss veldig store og treng ein spelar- og trenarutviklar til å hjelpa oss å ta vidare steg.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Idrettsvegen 87, 5430 Bremnes
- Bransje: Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fotballtrener, Spillerutvikler, Trenerutvikler
- FINN-kode 357624909
- Sist endret