Pedagogisk leiar
Sula kommune
- Frist 14.07.2024
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar
Molvær barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2024.
Barnehagen ligg idyllisk til Geilneset ved Langevåg der vi har fjøra og sjøen som næraste nabo.
Vi har eit stort og flott uteområde som vi er stolte av og som innbyr til mykje spennande leik i eit variert miljø. Vi er også aktive brukarar av nærmiljøet og jobbar etter visjonen vår aktiv og glad i eit trygt miljø.
I Molvær barnehage skal dei vaksne møte barna på ein autoritativ måte. Vi skal være varme vaksne med tydelege grenser og gode relasjoner til barna.
Kvart barn og familie skal oppleve at dei blir sett, høyrt, forstått og respektert.
Barnehagen har 4 avdelingar med to småbarns- og to storbarnsavdelingar. Avdelingane har eit godt og tett samarbeid.
Om dette høyrest ut som ein god arbeidsplass for deg, oppmodar vi deg til å søke. Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Nærare opplysningar om stillinga - ta kontakt med styrar Anne Kari Vadset. Du kan også lese meir om Molvær barnehage på Sula kommune si heimeside, under oppvekst og utdanning.
Arbeidsoppgåver
- Leie det pedagogiske og administrative arbeidet på avdelinga, ved både små- og storbarnsavdeling, i tråd med stillingsinnhald for pedagogisk leiar.
- Arbeide i tråd med barnehagen sin visjon, verdiar og standardar.
- Arbeide i tråd med Rammeplanen for barnehage, årsplan og barnehagen sine satsingsområder.
- Gi ditt bidrag for at vi saman er fagleg oppdatert og dyktige.
- Vere ein god samarbeidspartnar for personal, foreldre og eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning.
- God relasjonsbyggar både mot barn og vaksne
- Nytenkande og kreativ, dele tankar og idear med kollegaer.
- Kan å bruke og viser interesse for digitale verktøy i arbeidet.
- God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv bidragsyter i endrings- og utviklingsarbeid, og du er lojal mot det som vert bestemt.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Du tek medansvar for eigen og andre sin trivsel, og likar å arbeide i team.
- Du likar å vere mykje ute og er glad i friluftsaktivitetar.
- Du er ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne.
- Du er positiv til internasjonalt samarbeid.
- Du har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
- Du kan arbeide og fungere både ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.
- Dine faglege og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Å arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
- Spennande samarbeid i Sula kommune med mellom anna fokus på Læringsreisa til barna, og utviklingsarbeid.
- Godt arbeidsmiljø med høg trivsel.
- Lønn etter hovedtariffavtalen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer.
- God offentleg tenestepensjon i KLP med gode låne- og forsikringsvilkår.
- Gratis parkering
Om arbeidsgiveren
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Meir informasjon om Sula kommune.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6039 Langevåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehage / Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Pedagogikk, pedagogisk leiar, barnehage, Sula, lærer
- FINN-kode 357630087
- Sist endret