Førstekonsulent/rådgiver/seniorrådgiver (2 faste stillinger)
Barne- og familiedepartementet
Samferdselsdepartementet
Trafikksikkerhetsseksjonen har ansvaret for departementet sitt arbeid med trafikktryggleik på veg, og forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport. Dette er eit breitt og mangearta område, med stor merksemd politisk og frå nærings- og interesseorganisasjonar, media og publikum.
Forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport inneber ansvar for eit mangfald av dagsaktuelle område som til dømes trafikkreglar, fartsgrenser, førarkort, el-sparkesyklar og selvkøyrande køyretøy, drosje, buss og tungtransport. Seksjonen har utstrekt samarbeid med andre departement og etatar, og stort omfang av EØS-arbeid.
Seksjonen er ein av tre seksjonar i Veg-, by og trafikktryggleiksavdelinga, og består no av 14 medarbeiderar i tillegg til seksjonsleiar.
Vi søkjer ein allsidig og lærevillig jurist som vil arbeide med eit breitt spekter av seksjonen sine oppgåve som
Det er og aktuelt å bidra inn i andre oppgåver i seksjonen, og stillinga gir gode moglegheiter til fagleg utvikling. Stillinga kan innebere noko reising.
Vi søkjer deg som har master i rettsvitskap og som har evne til å uttrykkje deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk. Det er ein føremon om du har erfaring frå offentleg verksemd og erfaring frå vegtrafikk- og/eller yrkestransportområdet.
Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha god gjennomføringsevne og evne til å sette deg raskt inn i nye problemstillingar. Du må samstundes vere løysingsorientert og arbeide godt saman med andre.
Vi legg og vekt på at du har god rolle- og systemforståing, generell samfunnsinteresse og interesse for departementet sine arbeidsområde og politiske prosessar.
Stillinga er lønna som førstekonsulent/rådgjevar i lønnspennet frå kr. 532 200 - 692 400.
Nyutdanna kan søkje.
Les meir om arbeid i departementa her: Vår arbeidshverdag - Jobb i departementene (regjeringen.no) (https://nettsteder.regjeringen.no/jobbidepartementene/var-arbeidshverdag/)
Du kan få nærare informasjon om stillinga ved å kontakte avdelingsdirektør Lasse Lager på telefon 22 24 82 65/ 905 60 878.
Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil tilretteleggje for medarbeidare som har behov for det.
Barne- og familiedepartementet
Landbruksdirektoratet