![Aurland kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/6/vertical-0/18/4/357/756/704_f9327b23-2724-4ed1-b1c6-d7107d0dd521.jpg)
Folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar
Aurland kommune
- Frist 8.7.2024
- Ansettelsesform Fast
Folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar
Om stillinga
Me har ledig fast 100% stilling som folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, med tilsetjing snarast.
Er du opptatt av helsefremjing og førebyggjande arbeid, og ynskjer varierte oppgåver på strategisk og operativt nivå?
Stilling som folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar er plassert i kommunalområde helse og omsorg, men du vil ha ei sentral rolle i folkehelsearbeid i heile kommunen. Aurland kommune har i kommuneplanen sin samfunnsdel folkehelse som gjennomgåande tema, og fokuset er korleis me kan fremje helse og trivsel for innbyggjarar. Kommunen skal ha eit trygt, inkluderande og aldersvenleg lokalsamfunn og innbyggjarar skal ha moglegheiter for å leve aktive og sjølvstendige liv.
Folkehelsekoordinator jobbar prosjektretta både på individ- og systemnivå, men har også ein rådgjevande funksjon. Du vil ha ein dynamisk rolle som inneheld ulike prosjekt- og arbeidsoppgåver, som endrar seg over tid etter kvart som behovet i lokalsamfunnet endrar seg. Folkehelsekoordinator jobbar på tvers av sektorane, har ei tverrfagleg rolle og du vil jobba opp mot alle kommunalområda og dei ulike avdelingane. Til stillinga ligg det også eit ansvar for å planlegge, leie og gjennomføre aktivitet på gruppenivå.
I stabsavdelinga i helse og omsorg, er det totalt 18 tilsette, som har ulike fagområde og funksjoner, både innan legeteneste, rus- og psykisk helse, fysioterapi, ergoterapi, kreftkoordinator, koordinerande eining, kommunepsykolog, forvaltning og tildeling, og fagutvikling. Som folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar vil du få kontorplass i Fjordsenteret, sentralt på Aurlandsvangen, der fleire av funksjonane i stabsavelinga og helsestasjon er samlokalisert.
Me tilbyr
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter tariff
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe jobb til partnar
Kvalifikasjonar
- Minimum treårig relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis innan fysioterapi, ergoterapi, folkehelse, idrett eller andre område
- Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan helsefremjing og førebyggjande arbeid
Personlege eigenskapar
- Du er nytenkjande, effektiv og har gode samarbeidsevner
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ og ansvar innanfor ansvarsområde
- Har evne til å arbeide systematisk og strukturert
- Evne til å tenke heilskapleg og jobbe på tvers av fagområda og nivå
- Evne til å ta initiativ og har gjennomføringsevne
- Interesse for fysisk aktivitet
- Du er fleksibel og har god arbeidskapasitet
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale.
- det må leggast frem gyldig politiattest før du byrjar i stillinga
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Du må søke på stillinga via Jobbnorge, sjå ledige stillingar: https://www.aurland.kommune.no/
Om arbeidsgiveren
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vangen 1, 5745 Aurland
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid, Trener / Personlig trener
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Folkehelse, aktivitetsansvar, treningskontakt, helsefremmende, førebyggende
Aurland og Aurlandsfjorden (1/5)
- FINN-kode 357756704
- Sist endret